Det pedagogiske arbeidet
Kartlegging av det pedagogiske arbeidet kan støtta implementering av fagområda i rammeplanen, og bidra til at barna får moglegheiter til å læra og utvikla seg gjennom mat- og måltidsaktivitetar i barnehagen.
Sjekkliste og presentasjon
Last ned sjekklista og presentasjonen for gjennomgang og utfylling på eiga hand eller saman med personalgruppa.
Måltidet som pedagogisk arena
Mat og måltid i barnehagen handlar om meir enn maten som blir laga, servert og eten. Barn som medverkar og deltek i mat- og måltidsaktivitetar kan tileigna seg kunnskap og ferdigheiter om sosiale normer, språk, kultur, kost, hygiene, reiskapsbruk, haldningar og vanar. Barn må utforska, undra seg, meistra, erfara og bruka sansane ut ifrå eigne behov og føresetnader. Gode vanar som blir tileigna i barnehagealder kan vara livet ut.
Barnehagen skal sørgja for at alle barn kan få rike og varierte opplevingar, erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar. Dei pedagogiske måla til barnehagen og funksjonar i mat og måltid blir påverka av rammevilkåra. Derfor bør de som jobbar i barnehagen forankra måla i årsplanen og beskriva korleis mat- og måltidsaktivitetar skal brukast i dei fastsette pedagogiske måla.
Tips
Utforsk gjerne matjungelen.no og les meir om måltidet som ein pedagogisk arena for ytterlegare støtte til implementering av rammeplanens fagområde i mat- og måltidsarbeidet.