Matvers

Denne ressursen er en del av heftet «Måltidet som pedagogisk arena» der åtte nasjonale sentre har laget aktiviteter som er knyttet til fagområdene i rammeplanen. Disse viser ulike måter å bruke måltidet som en pedagogisk arena og er ment som inspirasjon for deg som jobber i barnehagen.

matvers_16_9.jpg

Forankring i rammeplanen

I rammeplan for barnehagen, i kapittelet Kommunikasjon, språk og tekst, står det at barna skal leike, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, lydar og ord og at personalet skal bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer. Å bruke ulike teksttypar i språkarbeidet bidreg til å stimulere barnet si språklege bevisstheit. Rim, rytme og rørsle motiverer barn til å delta og er eit viktig element i den tidlege språkstimuleringa. 

Matversa som er presenterte her, er små regler eller dikt som eignar seg spesielt godt til bruk ved måltidet. Personalet i barnehagen skal leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapsfølelse hos barna. Eit matvers eller ei matregle kan bidra til nettopp å skape ei ramme for fellesskap rundt matbordet. Det å kunne seie fram ei regle i lag er ei felles oppleving, der barn i ulike aldrar og på ulike stadium i språkutviklinga kan henge seg på etter eigne føresetnadar.

Refleksjonsspørsmål

  • I kva situasjonar brukar vi rim, regler og songar i barnehagen, og korleis kan vi byggje vidare på det?
  • På kva måtar er rim og regler berikande i kvardagen i barnehagen?
  • Korleis kan vi i vår barnehage lære nye eller gamle, lokale rim og regler?

Introduksjon til aktiviteten

Rim, rytme, songar og regler er viktige element i barna si språkstimulering, og eit felles matvers bidreg til at borna opplever felles samling omkring måltidet.

Du kan markere starten på eit måltid ved å bruke ein song, ei regle eller eit vers. Bruk gjerne same regla eller songen før kvart måltid ein bestemt periode før de vel ein ny. Etter kvart har de eit repertoar av slike små vers som barna kan velje mellom etter tur.

Førebuing:

Vel eitt av matversa på http://www.nynorsksenteret.no/matvers
Skriv ut verset og les gjennom det nokre gongar før du skal lære det vekk. Tenk gjennom om du kan lage enkle bevegelsar til verset. Særleg inviterer Ormen lange-regla til handbevegelsar. Til dømes kan du samle handflatene framfor deg og bukte armane opp etter kvart som regla seier at ormen klatrar «under eit gjerde» og «tok seg ei pære» og så vidare.

Gjennomføring:

Du kan henge opp verset på veggen eller leggje det under ein gjennomsiktig voksduk på matbordet. Eit anna alternativ kan vere å laminere det og samle ulike songar og vers i ein boks eller perm som de tek fram før kvart måltid. Når barnet knyter det munnlege verset til eit bilete, er det enkelt å velje mellom ulike vers etter kvart som repertoaret veks.