Kartleggingsverktøy
Fysisk aktivitet og rørsleglede er sentralt i rammeplan for barnehagen. Dette kartleggingsverktøyet kan vere eit nyttig utgangspunkt for å peike på kva for område de er gode på og kva for område de bør ta tak i og endre.
Sjekkliste og presentasjon
Denne ressursen består av ei sjekkliste og ein presentasjon. Sjekklista inneheldt spørsmål som vil avdekkje eventuelle utviklingsområde knytt til arbeid med fysisk aktivitet og rørsleglede i barnehagen. Presentasjonen kan nyttast for felles gjennomgang og utfylling i personalgruppa.
Implementering av rammeplanen
Ved å arbeide med implementering av rammeplanen sitt innhald, vil de vere essensielle bidragsytarar til at barna opplever meistring, glede og utvikling gjennom erfaringar med fysisk aktivitet og leik.
Ein suksessfaktor for endrings- og utviklingsarbeid er at det er godt forankra, både i planar og i menneske.
Etter utfylling av skjemaet blir de oppmoda til å arbeide vidare med punkta og følge guiden nedst i sjekklista for å sikre at eventuelle utviklingsområde blir følgde opp.
Lukke til!