Vi jubilerer og inviterer til konkurranse!

Bli med i vår jubileumskonkurranse og vinn 5000 kr til arbeid med mat- og rørsleglede i dykkar barnehage, SFO eller skule.

konkurranse_nettside.jpg

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet feirar 10-årsjubileum og ynskjer å bruke denne anledninga til å løfte fram det gode arbeidet som føregår i barnehagane, SFO’ane og skulane. Vi arrangerer difor ein konkurranse med temaet «mat- og rørsleglede», der målet er å samle inn og formidle dei gode eksempla som vi veit finst der ute.

Vi oppmodar lærarar, pedagogar og andre tilsette i barnehagar, SFO og skular til å sende inn eksempel på korleis de arbeider med mat- og/eller rørsleglede. Dømer kan vere matpakkeverkstad, foreldre og barn-kveld med fokus på ulike matkulturar, prosjekt med tilrettelegging av naturleikeplassen, planlegging og gjennomføring av ein tur litt utanom det vanlege, osb. Det kan både vere små og store prosjekt.

Korleis delta i konkurransen

  • Planlegg, gjennomfør og dokumenter ein aktivitet eller eit prosjekt innanfor temaet matglede eller rørsleglede (eller begge deler)
  • Aktiviteten/prosjektet må vere gjennomført før konkurransebidraget blir sendt inn
  • Fyll ut og send inn skjema som du finn lenger ned på sida 

Kva som blir lagt vekt på i konkurransen

  • Ein tekst som viser refleksjon rundt prosess og gjennomføring, samt vurdering av arbeidet
  • Forankring i Rammeplanen (barnehage/SFO) eller læreplanverket (skule)
  • Synleggjering av medverknaden til barna/elevane
  • Dokumentasjon av prosess og gjennomføring gjennom bilete og tekst (personvern må ivaretakast, les meir i skjema)

Premie 

Det vil bli valt ut tre vinnarar som kvar mottek ei pengepremie på 5000 kr. Pengepremien er øyremerkt til bruk i arbeidet med mat- og/eller rørsleglede i dykkar barnehage, SFO eller skule, og skal kome borna/elevane til gode. Det kan til dømes brukast på råvarer, utstyr, kurs, ein ekskursjon, osb. Det vil bli laga reportasjar til bruk på nettsider og sosiale medium av vinnarbidraga.

Innsending av bidrag

Fyll ut og send inn skjema for din arena til post@mhfa.no:

Barnehage (PDF)

SFO (PDF)

Skule (PDF)

Frist for innsending er 15. februar 2025.