Smaksdimensjonar

Kva bestemmer mat- og måltidsvala våre? Kvifor vel vi å ete som vi gjer? Korleis påverkar smaken på kva mat vi foretrekker? Kva betyr den samanhengen vi et i?

smakskort.jpg

Smaksdimensjonskort - Nynorsk (PDF)

Smaksdimensjonskort - Bokmål (PDF)

Smaksdimensjonskorta er eit refleksjonsverktøy som kan brukast til å sette ord på smakspreferansar og mat og måltidsval, og gir også trening i å uttrykkje seg munnleg. Korta kan også brukast for å sette i gang ein verdireflektert diskusjon om kvifor vi vel å ete som vi gjer. 

Tips til undervising

Kva påverkar mine mat- og smaksopplevingar?

Bruk korta til å diskutere korleis sosiale omgjevnader og kontekst påverkar opplevinga av smak. Korleis smakar ein matrett når du for eksempel et det heime saman med familien eller kjærasten din, og smakar det likt om du et det saman med venene dine? Kvifor er det slik?

Analyse av ein bestemt rett

Bruk korta til å diskutere korleis retten blei til, samt kven som er målgruppa for retten. Er retten trendy, berekraftig, sunt, eller inngår den kanskje i en bestemt religiøs kontekst? Kvifor/kvifor ikkje?

Smaksdimensjonskorta er opprinneleg utvikla av Anne Torpegaard Festersen, Eva Rymann og Morten Christensen med inspirasjon frå boka «Smagens didatik» for smagforlivet.dk, med løyve frå Karen Wistoft og Lars Qvortrup.