Matlagingsmetodar

Damping, sautering og gratinering er metodar som kan brukast til å tilberede mat, men kva kjenneteiknar desse metodane og når brukar vi dei? Korleis påverkar val av metode smaken på maten?

metodekort.jpg

Matlagingsmetodekort - Nynorsk (PDF)

Matlagingsmetodekort - Bokmål (PDF)

Matlagingsmetodekorta er eit læremiddel om matlagingsmetodar og er eigna for å utvikle fagspesifikk kompetanse i mat og helse, samt trening i munnlege ferdigheiter. Korta kan skrivast ut og laminerast, og er utforma slik at dei kan brukast i ulike undervisningsaktivitetar med ulikt formål og vanskegrad. 

Tips til undervising

Analyse av oppskrifter 

Bruk korta som eit analyseredskap for å undersøke kva for matlagingsmetodar klassekameratar, foreldre eller ein kokk i eit tv-program brukar når dei tilberedar ein matrett.

Å utforske ulike matlagingsmetodar

Bruk korta til å bli kjent med ulike matlagingsmetodar, og diskuter/prøv korleis ulike metodar for tilbereding av ei bestemt matvare påverkar maten sin utsjånad, smak, lukt og tekstur. 

Her kan du for eksempel ta utgangspunkt i eple som matvare. La elevane velge ut 3 forskjellige kort (matlagingsmetoder) som kan brukast til å tilberede eplet. Etter tilbereding utforskar elevane korleis dei ulike matlagingsmetodane har påverka eplet sin utsjånad, smak, lukt og tekstur. 

Avkryssing

Avkryssingskort - Nynorsk (PDF)

Avkryssingskort - Bokmål (PDF)

Her finn du ein kortare versjon av metodekorta som er eigna til avkryssing. Oversikta kan for eksempel skrivast ut, og lærar eller elevar kan krysse av for kva for metodar de brukar og meistrar i undervisinga. 

Matlagingsmetodekorta er opprinneleg utvikla av Majbritt Pless, Ditte Jacqueline Rasmussen og Cathrine Terkelsen for smagforlivet.dk.