Det praktiske arbeidet
Kartlegging av det praktiske arbeidet kan støtta personalet i å etablera gode rammer rundt mat og måltid, inkludert å leggja til rette for fellesskap, helse og mat- og måltidsglede.
Sjekkliste og presentasjon
Last ned sjekklista og presentasjonen for gjennomgang og utfylling på eiga hand eller saman med personalgruppa.
Rammene rundt måltidet
Måltida i barnehagen er ein fast dagleg aktivitet som skal gje barna tid og ro til å eta seg mette og oppleva måltidsglede. Rammene og rutinane rundt måltida er sentralt for barna si trivsel, helse og utvikling. De som jobbar i barnehagen er rollemodellane til barna, og det er viktig å vera klar over kva haldningar og veremåtar de uttrykkjer. Barn gjer gjerne det de vaksne gjer, ikkje nødvendigvis det de seier.
Fysisk tilrettelegging
Ifølgje rammeplan for barnehagen skal personalet kjenna og praktisera nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggjande tiltak. For best mogleg etemiljø trengst det god fysisk tilrettelegging av måltida. Vurder korleis stolar og bord er plassert i rommet, og om etegruppene er av passeleg storleik. Alt av utstyr, dekketøy, bord og stolar bør vera tilpassa alderen og barna sitt funkjsonsnivå.
Barnehagen skal òg sørgja for å ha gode rutinar i tilberedning og oppbevaring av mat, og dessutan vektleggja god hygiene i og rundt mat og måltid i samsvar med Mattilsynets og Folkehelseinstituttets anbefalingar og regelverk.