Aktiv i barnehagen
Aktiv i barnehagen er ei digital verktøykasse for fysisk aktivitet i barnehagen. Verktøykassa er open tilgjengeleg for barnehagelærarar, utdanningsinstitusjonar og andre som ynskjer innsikt i og tips til fysisk aktivitet for barn i barnehagealder.
Aktiv i barnehagen har utgangspunkt i forskingsprosjektet Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW). ACTNOW er eit storskala forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for fremming av fysisk aktivitet i barnehagen som vart gjennomført i Sogn og Fjordane 2019-2022. I tett samarbeid med barnehagane som deltok i prosjektet, var målet å utvikle gode og berekraftige modellar for meir og betre fysisk aktivitet i barnehagen. I prosjektet vart også effekten av fysisk aktivitet på barna si heilskaplege utvikling, læring og helse undersøkt.
Sjå meir informasjon om ACTNOW-prosjektet i informasjonsvideoen under eller på nettsida til Høgskulen på Vestlandet.