Tid til skulemåltidet

I ein travel skulekvardag er det viktig at det vert satt av nok tid til at elevane får ete maten sin. Når ein har det travelt er det gjerne fristande å kutte ned på tida, men det er gjerne akkurat då det er på sitt viktigaste at elevane får det påfyllet dei treng.

I forskrift for helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordning (lovdata.no), vert det stilt krav til at skulen sørger for at elevane får tilstrekkelig med tid og ro til å ete. Det står at det bør settast av minst 20 minutt til måltidet, både i skuletida og på SFO (§9). I Helsedirektoratets veileder til forskrifta og nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen, kan ein lese at desse 20 minutta bør vere tid til å ete. Klargjering og opprydding av måltidet, handvask, henting av skulefrukt eller skulemelk, det kjem i tillegg.  

Ulike behov for tid til å ete

Sjølv om det er nytta bør-formulering for minst 20 minutt, så er dette ei fagleg tilråing ein skal ha ein tungtvegande grunn til å avvike frå. Det er òg viktig å merke seg at det er ei tilråing om minimumstid og at denne er lik uavhengig av om det er snakk om småtrinn eller vidaregåande opplæring. Skulane må difor ta utgangspunkt i sine elevar når ein fastsett etetida. Yngre elevar vil gjerne ha behov for meir tid enn dei eldste elevane.  

Dersom etetida ikkje strekk til for alle elevane, bør det leggast til rette for at elevane det gjeld får moglegheit til å ete opp maten sin utanom matpausen. Ein må heller ikkje gløyme at elevar som har praktiske oppgåver i etepausen, òg har behov for tilstrekkeleg tid til å ete. 

Det kan vere nyttig å reflektere over korleis kvart enkelt klasserom organiserer skulemåltidet. Det er svært individuelt kor lang tid elevane treng for å ete maten sin. Medan nokre elevar er raskt ferdig og klar for ny aktivitet, vil andre ha behov for lenger tid til å bli ferdig. Her er det viktig å finne balanse mellom å aktivisere dei som er ferdige, samstundes som aktiviteten ikkje er for attraktiv slik at nokre vel å legge vekk maten sin til fordel for aktiviteten. 

Refleksjonsspørsmål

  • Får elevane på vår skule tilstrekkeleg med tid til å ete?
  • Korleis kan vi sikre at elevar som treng lengre tid til å ete ikkje vert freista til å velje andre aktivitetar?