Kartet «Måltid og mat i skolen»
Kartet «Måltid og mat i skolen» kan nyttast som eit utgangspunkt for ein workshop på din skule. På baksida av kartet finn de eit forslag til ein workshop-plan som krevjer minimalt med tid og utstyr.

Last ned kartet «Måltid og mat i skolen» (PDF)
Last ned kun workshop-plan (PDF)
Karet gjer seg best om det vert skrive ut i A3.
Slik bruker du kartet
Korleis ein «les» kartet vil vere individuelt, og det er ingen «fasit» bak illustrasjonane, dei er meint for å utvide diskusjonen rundt skulemat til ein refleksjon om måltidet sin plass i skulen.
Kartet består av ni ulike illustrasjonar som synleggjer ulike aspekt ved skulemåltid og skulemat. Dei to kolonnane på venstre side omhandlar i stor grad sjølve måltidet og er like relevante å diskutere ved ein matpakkeskule som ved ein skule som har ei skulematordning. Den siste kolonna på høgre side handlar i større grad om organisering av ei skulematordning.
Tips til refleksjonsspørsmål
- Kva er eit godt måltid? Kva består det av og kva kan det romme?
- Kva tverrfaglege moglegheiter ligg i skulemåltidet?
- Kva ressursar har de i personalgruppa?
- Korleis bruker de måltid og mat som arena for danning, sosial læring og inkludering? Korleis kan eleven aktivt medverke?
- Korleis går vi foran som rollemodellar under måltida?
- Korleis kan de sikre elevmedverknad i planlegging og gjennomføring av skulemåltidet?
- Korleis kan de sikre at elevane får tilstrekkeleg med tid til skulemåltidet?
- Korleis kan de legge til rette for gode matvanar hos elevane?
- Korleis kan de involvere foreldre i arbeidet med skulemåltidet?
Bakgrunn
Den øvste rada i kartet tek utgangspunkt i styringsdokument som læreplanverket LK20 og nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen og skulefritidsordninga, i tillegg til den offentlege debatten om skulemat og skulemåltid i skulen. Dei to nedste radene bygger i større grad på innsikt og erfaringar frå elevar og tilsette i skular og kommunar som har blitt intervjua av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet i perioden 2022-2024.
I denne perioden arbeida senteret, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, med å bidra med innsikt om korleis skular og kommunar organiserer skulematordningar og korleis skular organiserer skulemåltidet. Dette arbeidet vart oppsummert i rapportane Erfaringer fra skolematordninger i Norge (2022) og Lokale prosesser ved innføring av skolemat i et utvalg norske kommuner (2024).
Tilbake til «Workshop – eit nyttig verktøy for diskusjon og felles forståing»