Små forhold - stort engasjement

På Kjølsdalen Montessoriskule har dei ei måltidsordning som går ut på at elevane sjølve førebur lunsjen. Alle er samla, både vaksne og barn til felles måltid.

Kjøkkenet – skulens hjarte

På konferanse om skulemåltidet  i Sogn og Fjordane 22. september 2016 presenterte to elevar frå 7. trinn sine erfaringar med skulematordninga. Teksten under er utdrag frå presentasjonen deira. I tillegg har skulen ein eigen film om måltidsordninga og kjøkkenet som skulens hjarte.

Sjå filmen frå Kjølsdalen Motessoriskule her

Organisering av skulelunsjen

Matordninga på Kjølsdalen fungerer slik at to frå «småskulen» og to frå «storskulen» er på kjøkkenet kvar dag. Ein av dei eldste har hovudansvaret. Dei har laga ein matplan der det står kva dei skal ha til lunsj for ein periode. Fast på planen er brød, pålegg og mjølk, med eit tillegg av salatbar. Dei har også varmrett kvar dag. På tysdagar er det til dømes suppe.

– Då vi laga matplanen tok vi utgangspunkt i kosthaldsirkelen for å passe på at vi får i oss sunn og variert mat. Vi prøver å unngå mat med mykje feitt og sukker. Likevel har vi litt sylte på bordet, laga av bær vi har plukka sjølve. Då kan vi sjølve velje kor mykje sukker vi vil ha i sylta, fortel dei to elevane.

350 kr/månad i skulepengar inkluderer lunsj (brødmat og varmrett), mjølk, frukt og grønsaker.

Maten i pedagogikken og pedagogikken i maten

Skulen brukar mat og måltid som eit læremiddel; både skriving og rekning må til når det skal planleggast og bestillast på kjøkkenet. Dei er også med på den nasjonale satsinga «Vurdering for Læring». – Vi elevar arbeider derfor mykje med læreplanen i alle fag. I arbeid med skulelunsjen har vi sett særleg på fagplanen for faget mat og helse, forklarar Kristina og Siv Merete. – Vi ser at ein del av kompetansemåla blir gjennomført i forbindelse med den daglege skulelunsjen, kor målsetjingane er:

  • At vi får kunnskap om eit balansert og eit sunt kosthold.
  • At vi utviklar forståing for samanhengen mellom fysisk aktivitet og helse.
  • At vi får erfaring med praktisk matlaging.
  • At vi får erfaring med måltidet som ein sosial arena.
  • At vi tileignar oss kunnskap og hygiene og behandling av matvarer.

 

Kvifor er det bra med eit slikt skulemåltid?

Elevane oppsummerar kva dei synast er bra med skulematordninga slik: – Vi  lærer å lage sunn og variert mat, det er kjekt å være samle til eit felles måltid, og ein slepp å sitje aleine ved ein pult og ete ei «sveitt» niste.