Tverrfagleg hefte (Saman)

Saman er eit tverrfagleg hefte utvikla for barnetrinnet i grunnskulen.

Saman kan nyttast i arbeidet med å tilpassa undervisninga til fagfornyinga og for å jobba med dei tverrfaglege tema; Folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling.

Det er no tomt for Saman nynorsk på lageret vårt, men me sender ut heftet på bokmål så langt lageret rekk. Både Saman på nynorsk og bokmål kan lastast ned som PDF og skrivast ut.

Gå til bestilling av Saman og vel talet på elevhefte for 3. eller 4. klasse ved skulen din. Både heftet og frakt er gratis.

Elevhefte

Saman / Sammen består av eit elevhefte og ei lærarrettleiing, på bokmål og nynorsk. Elevheftet består av spørsmål, undringsoppgåver og refleksjonsoppgåver som er vinkla frå ulike skulefag. Materialet er testa ut på elevar på 3.-4. trinn, men kan òg tilpassast eldre elevar.

Lærarrettleiing

Lærarrettleiinga vil gje støtte til oppgåvene i elevheftet og set oppgåvene i samanheng med kvarandre. Læring innanfor det tverrfaglege temaet til fagfornyinga vil bli framheva.

Saman er ikkje eit læreverk, men eignar seg som eit supplement til undervisninga. I elevheftet er det varierte oppgåver som elevane kan løysa på ulike måtar og bli nytta som døme for å løfta fram fleirfaglege perspektiv. Slik kan Saman fungera som inspirasjon til å vidareutvikla og tilpassa arbeidet med temaa utifrå erfaringa og kjennskapen deira til eige nærmiljø, skule og elevar.

Heftet er utvikla av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet i samarbeid med fagpersonar frå dei ulike skulefaga. Følgjande institusjonar har hjelpt til i samarbeidet:

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, ved Reidun Faye og Eva Mila Lindhardt, Høgskulen på Vestlandet

Nasjonalt senter for engelsk og fremmedspråk i opplæringen, Høgskolen i Østfold

Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring, OsloMet – storbyuniversitetet

Nasjonallest senter for kunst og kultur i opplæringen, Nord universitet

Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Universitetet i Stavanger

Nasjonalt senter for matematikk i opplæringen, NTNU

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Høgskulen i Volda

Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning, NTNU

Skolelaboratoriet i realfag, Universitetet i Bergen

Gjensidigestiftelsen har bidratt med finansiering til prosjektet.