Elevar med kognitive funksjonsnedsetjingar

Prosjektet «Kom og se – så godt!» presenterer ei rekkje matlagingsfilmar berekna på personar med utviklingshemming eller andre kognitive funksjonsnedsetjingar.

matfilmer.org

Målgruppe

Personer med utviklingshemming eller andre kognitive funksjonsnedsetjingar. Opplæringsfilmane kan òg vera nyttig for lærarar som skal arbeida med tilpassa undervisning i faget mat og helse, samt yngre elevar som skal læra å laga mat på grunnleggjande nivå.

Matlagingsfilmar

Dei fleste filmane har varigheit på 4-5 minutt. Nokre av filmane presenterer ingrediensar, reiskapar, råvarer og framgangsmåtar for å lage spesifikke matrettar. Andre filmar fokusera på breiare tema som hygiene på eit kjøkken og korleis ein kan skapa ei triveleg ramme rundt måltidet. Fleire av filmane er baserte på oppskrifter frå den lettleste kokeboka «Så godt!» av Linde og Innstrand.

Bruk i undervisning

Det er lagt vekt på at filmane skal kunna nyttast av personar som i lita grad kan lesa. I tillegg kan ein velja om ein vil sjå filmane som vanleg film, med tekst, med teiknspråk for høyrselshemma eller som film med automatiske stopp etter kvart trinn i matlagingsprosessen.

Om prosjektet

Filmene er eit resultat av prosjektet «Kom og se – så godt!» der overordna mål var å bidra til eit helsefremjande kosthald for menneske med utviklingshemming. Prosjektet er eit resultat av samarbeid mellom Extra Stiftelsen, Karde AS, Statped og Norsk forbund for utviklingshemmede.