Utforske nærmiljøet

Temaet handlar om å gi elevane moglegheiter til å utforske korleis dei kan røre seg i og bruke nærmiljøet sitt.

test_inn_i_natur16_9.jpg

Forankring i læreplanverket

Verdigrunnlaget i overordna del:

  • Skaparglede, engasjement og utforskartrong

Kjerneelement:

  • Uteaktivitetar og naturferdsel

Kompetansemål etter 2. trinn:

  • Utforske naturen i nærmiljøet med varierte aktivitetar til ulike årstider

Undervisningsaktivitetar

Utforsking skjer når elevane får tid og rom til å leike med naturmateriale og landskap. Element som vatn, stein, snø, stokkar og bakkar inviterer til eksperimentering, rørsle og sanseerfaringar.

Døme på kva elevane kan utforske i nærmiljøet:

Det er ofte nok å konsentrere seg om eitt område eller eitt element om gongen – til dømes ein søledam eller eit lite skogholt. Tid til gjentaking og fordjuping er viktig for at barna skal utvikle tryggleik i utforskinga.

Korleis støtte utforsking?

Natur_utforske_AdobeStock_342290949.jpg

Som lærar kan du støtte elevane si utforsking ved å:

  • Stille opne spørsmål (sjå døme nedanfor)
  • Delta i leiken, vise undring og modellere nysgjerrigheit
  • Tilby enkle reiskapar som forstørringsglas, bøtter og spadar

Gi elevane høve til å kjenne på og vurdere risiko – som å balansere på steinar, klatre i tre eller røre seg på glatte underlag. Slike erfaringar er viktige for å utvikle trygg og sjølvstendig ferdsel i naturen.

Når barn leikar og eksperimenterer i naturen, lærer dei gjennom kroppen. Over tid utviklar dei forståing for materiale og omgjevnader – og for seg sjølve: Kva får eg til her? Kva tør eg å prøve? Korleis kan eg røre meg i naturen på nye måta?

Refleksjon med elevane

Still opne spørsmål knytt til kva og korleis elevane har utforska i undervisninga:

  • Kva ville du finne ut eller teste? Korleis gjekk du fram?
  • Kva la du merke til? Prøvde du fleire gongar? Kva skjedde då?
  • Kva nytta du for å utforske – auge, øyre, hendene? Andre ting?
  • Kva oppdaga du?
  • Finst det andre måtar å gjere det på? 

Du kan òg stille spørsmål som hjelper elevane å sjå samanhengar: 

  • Korleis kan du utforske på liknande måte ein anna stad?
  • Kan du bruke det du lærte i ein anna situasjon eller i eit anna fag?
  • Kva veit du no som du ikkje visste før?