Utforske med kroppen

Kroppen er den viktigaste reiskapen eleven har for å utforska, uttrykkja seg og samhandla med omverda. Denne ressursen handlar om korleis elvevane kan utforska med kroppen gjennom sirkusaktivitet.

sirkus-klovn-adobestock.jpg

Verdigrunnlaget i overordna del: 

  • Skaparglede, engasjement og utforskartrong

Kjerneelement:

  • Rørsle og kroppsleg læring
  • Deltaking og samspel i rørsleaktivitetar

Kompetansemål etter 2. trinn:

  • Utforske eigen kroppsleg rørsle i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre
  • Leike og vere saman med andre i aktivitet i varierte rørslemiljø

Undervisningsaktivitetar

I kroppsøving skal elevane få høve til å utvikle engasjement og utforskartrong. Gjennom leik og rørsle kan elevane oppleve kreativ og meiningsfull læring om seg sjølve og korleis dei kan bruke kroppen i ulike situasjonar.

Eit døme på korleis elevane kan utforske kroppsleg rørsle individuelt og saman med andre, kan vere gjennom sirkusaktivitet. Undervisningsaktivitetane under er eit forslag til korleis du kan bruke sirkusleik i kroppsøvingsfaget. Bruk gjerne "sirkusmusikk" for å skape stemning og engasjement.

Utforske balanse på ulike underlag

Ved å balansere på ulike underlag får elevane utforske korleis kroppen må jobbe på ulike måtar avhengig av underlaget. Aktiviteten gir rom for å kjenne etter, tilpasse rørsler og utvikle kroppsmedvit på ein leken og utforskande måte. 

Elevane kan teste balansen sin ved å bevege seg på ulike typar underlag og utstyr, som til dømes hoppetau, benkar, strekar i golvet eller bommar. Etter kvart kan elevane få nye utfordringar ved å balansere med noko i hendene, på hovudet, nasen eller andre delar av kroppen. Elevane kan òg erfare korleis det er å balansere på kvarandre i par- eller gruppeøvingar. 

Som ein vidare progresjon kan læraren leggje til rette for at elevane får utforske balanse i ulike høgder, og med varierte gjenstandar, slik at utfordringa aukar gradvis og elevane får brukt kroppen sin på nye og kreative måtar.

For meir inspirasjon, sjå video om balanse på benk.

balanse_sirkus_AdobeStock_304732943.jpg

Utforske skapande problemløysing gjennom akrobatikk 

Gjennom akrobatikk får elevane moglegheit til å utvikle kreativ problemløysing ved å samarbeide, eksperimentere og utforske nye måtar å bruke kroppen på.

Elevane kan starte med å samarbeide i par der dei utforskar ulike balansepunkt med kroppen som støtteflate. Til dømes kan den eine eleven stå på alle fire medan den andre prøver å balansere forsiktig oppå ryggen. Slik kan elevane oppleve meistring gjennom det å kome opp i høgda og samtidig ha god kontroll. Det blir rom for å eksperimentere med ulike rørsler utan krav om teknisk utføring eller "rett måte".

Som ein vidare progresjon kan elevane arbeide i grupper på fire til fem i kvar gruppe. Når fleire samarbeider, vert det mogleg å støtte kvarandre undervegs – spesielt når nokon skal klatre opp. Å byggje pyramider med kroppar kan utførast på fleire måtar, både i breidda og i høgda. Gruppa kan starte med å lage ei pyramide i to nivå, og etter kvart prøve seg på tre nivå. For å få dette til må elevane samarbeide tett, kommunisere godt og bli einige om rollene – kven som skal vere stabile i botn og kven som klatrar til topps.

For meir inspirasjon, sjå video om akrobatiske pyramider.

Klovneri

Leik med klovnefiguren er noko dei fleste synest er moro. Læraren bør ikkje instruere elevane i kva ein klovnefigur inneber, men heller lytte til elevane sine innspel og støtte desse på ulike måtar. Klovnar kan gjere mange ulike ting, som til dømes å balansere, sjonglere eller gjere akrobatiske nummer. Klovnerolla gir moglegheiter til å utfolde seg utanom det vanlege.

For meir inspirasjon, sjå video om klovneri.

Refleksjon med elevane

  • Korleis brukte du kroppen i sirkusaktiviteten?
  • Korleis hjelpte du partnaren din då de skulle balansere saman?
  • Korleis kan vi få til eit godt samarbeid når vi skal byggje pyramidar med kroppen vår?
  • Korleis var det å få lov til å utforske og eksperimentere utan å gjere noko "rett eller galt"?
  • Korleis kan du bidra til at alle vert inkludert i sirkusaktivitetane?