Øve på trygg ferdsel ved vatn
Å øve på trygg ferdsel ved vatn inneber å gi elevane erfaringar som styrkar evna til å ivareta eiga og andre si sikkerheit ved opphald, leik og aktivitetar i nærleiken av vatn.

Forankring i læreplanverket
Verdigrunnlaget i overordna del:
- Kritisk tenking og etisk medvit
- Skaparglede, engasjement og utforskartrong
Kjerneelement:
- Uteaktivitet og naturferdsel
Kompetansemål etter 2. trinn:
- Øve på trygg ferdsel ved vatn og på å tilkalle hjelp
Gjennom utforsking, refleksjon og regelmessige uteaktiviterar ved vatn i nærområdet, får elevane høve til å bli godt kjende med vatnmiljøet og oppleve det i ulike værforhold og årstider.
Å øve i eit kjend og trygt område, bidrar til å skape tryggleik, styrke fellesskapet og knyte elevane sine opplevingar til lokale friluftstradisjonar og badekultur. Trygg ferdsel handlar òg om å vite når og korleis ein tilkallar hjelp i utrygge situasjonar.
Undervisningsaktivitetar
Gjennom observasjon, samtale og utforskande aktivitetar, kan du som lærar leggje til rette for at elevane utviklar nysgjerrigheit og refleksjon rundt ulike sider ved trygg ferdsel både ved, på og i vatn. Her er eit forslag til korleis du kan leggje til rette for at elevane øver på trygg ferdsel ved vatn i kroppsøvingsfaget dei to første skoleåra.
1. Open samtale
Start med ein open samtale om kva det vil seie å kjenne seg trygg i klasserommet. Inviter gjerne elevane til å dele eigne erfaringar frå ulike vatnmiljø som hav, innsjø, svømmebasseng eller ferieminner. Korleis opplevde dei tryggheit eller kanskje utryggheit i desse situasjonane? Samtalen kan vere ein god inngang til vidare refleksjon rundt kjensler, sikkerheit og viktigheita av felles reglar, til dømes:
- Kva vil det seie å ferdes trygt ved vatn?
- Kva betyr eigentleg ordet "ferdsel"?
- Kva treng vi å vite eller kunne for å vere trygge ved vatn?
- Har du nokon gong følt deg utrygg i eller ved vatn? Kva gjorde du då?
- Var du åleine eller var det nokon saman med deg?
2. Bilete av kjend vatnmiljø
Vis eit bilete av eit kjend vatnmiljø, gjerne ein stad kor elevane har leika eller bada. Bruk biletet som utgangspunkt for ein felles samtale og undring. Still opne spørsmål for å aktivere elevane sine observasjonar og erfaringar, til dømes:
- Kva kjenner vi igjen her?
- Korleis trur de været er på bildet?
- Kor kaldt trur de vatnet er?
- Kva årstid kan det vere?
- Er det dypt her? Glatt? Kva veks i området?
Skap felles forståing ved å lage eit tankekart saman på tavla, eller la elevane teikne og skrive eigne. Introduser sentrale omgrep som til dømes: Botnforhold, flora, temperatur, vær, årstid og straum. Oppmuntre elevane til å undre seg over kva som kan vere farleg ved vatn – og kvifor.
3. Planlegg tur saman

Involver elevane aktivt i planlegginga. Still spørsmål som til dømes:
- Kva område skal vi besøkje?
- Kva må vi vere ekstra merksame på?
- Kva reglar og rutinar må vi følgje for å vere trygge?
- Korleis kan vi vere gode, omsorgsfulle vener på tur?
- Kva gjer eg dersom eg føler meg utrygg eller treng hjelp?
Tips: Øv på å tilkalle hjelp gjennom enkle rollespel, til dømes i gymsalen. Bruk gjerne undervisningsmateriell frå svømmedyktig.no - Trygg i fjæra. Rollespelet kan seinare bli gjentatt ute i det verkelege miljøet.
4. Uteaktivitetar for å øve på trygg ferdsel ved vatn
Ta ein tur til vatnmiljøet de har snakka om i klasserommet. La elevane kjenne att stader, former og fenomen dei har undra seg over. Vel gjerne område som vekte nysgjerrighet, og legg til rette for fri og utforskande aktivitet – innanfor trygge og tydelege rammer.
Viktig: Ved opphald i vatnsona skal alle elevar bruke redningsvest.
Gjennomfør gjerne same tur fleire gonger, under ulike værforhold eller i ei anna årstid. La elevane samanlikne opplevingar og observasjonar, til dømes:
- Kva har forandra seg sidan sist?
- Er det like trygt å ferdast her no?
- Kva gjer eg for å halde meg trygg?
- Kor finst risiko for å falle uti – og kva gjer eg viss det skjer?
- Korleis kan eg redde meg sjølv?
Bygg vidare på spørsmål og undring som oppstod under forrige tur – det gir kontinuitet og djupare læring.
For fleire aktivitetar og fagleg støtte, sjå undervisningsressursar som Trygg ferdsel ved vatn (svømmedyktig.no).
Refleksjon med elevane
Avslutt opplevinga med ein felles samtale i klasserommet. Gi elevane tid og rom til å setje ord på eigne opplevingar og tankar:
- Kva la du spesielt merke til?
- Var det noko du ville undersøkje nærare?
- Når følte du deg trygg – og kvifor?
- Var det noko du vart usikker på?
- Kva skjer viss ein fell uti? Kva kan ein gjere då?
Knytt refleksjonane tilbake til det de jobba med før turen. Dette styrker elevane si medvit, nysgjerrigheit og ansvar i møte med vatn – både som enkeltpersonar og del av fellesskapet.