Øve på trygg ferdsel i trafikken

Å øve på trygg ferdsel i trafikken handlar om å leggje til rette for læring og utvikling av elevane si kompetanse i å ivareta eigen og medtrafikantar si sikkerheit når dei ferdast i trafikken.

trygg ferdsel_sykling.jpg

Forankring i læreplanverket

Verdigrunnlaget i overordna del: 

  • Kritisk tenking og etisk medvit
  • Skaparglede, engasjement og utforskartrong

Kjerneelement:

  • Uteaktivitet og naturferdsel

Kompetansemål etter 2. trinn:

  • Øve på trygg ferdsel i trafikken

Undervisningsaktivitetar

Gjennom engasjerande undervisningsaktivitetar, kan elevane øve på trygg ferdsel i trafikken og lære å vise respekt for eige og andre sine liv ved å følgje trafikkreglar. Dette krev òg kunnskap om og erfaring med å gjere vurderingar sjølvstendig og i samspel med andre. Her er forslag til eit opplæringsløp som kan nyttast i kroppsøvingsfaget for å øve på trygg ferdsel i trafikken.

1. Grunnleggjande læring gjennom leik 

Start gjerne med å la elevane bli kjend med grunnleggjande ord, omgrep og reglar som er relevante for trygg ferdsel i trafikken.

  • Lag til dømes ei hinderløype på skuleplassen, gymsalen eller klasserommet, der elevane må navigere og manøvrere seg rundt ulike trafikk-relaterte situasjonar som fotgjengarovergang, stoppskilt og rundkøyring. Kanskje kan nokre elevar leike at dei køyrer bil eller syklar, medan andre er fotgjengarar? 
  • Det er òg viktig å øve på fokus, overblikk og reaksjonsevner. Til dømes kan elevane øve på å stoppe for raudt lys gjennom leiken “1-2-3 raudt lys”, å stå stille og vente gjennom leiken “stiv heks”, eller å øve på å stå i kø og vente på tur gjennom ulike stafettleikar. 
  • Eit anna alternativ for læring av ord og omgrep kan vere å lage bingo/lottokort og spele dette saman med elevane. Last ned eit døme: Bingo/lottokort trafikk (PDF)

2. Utforsking av nærområdet til fots 

Etter grunnleggjande læring om ord, omgrep og reglar, kan det vere spanande og nyttig å ta ein tur i nærområdet til fots for å la elevane observere det dei har lært.

  • Elevane kan skrive ned kva for skilt og vegmerkingar dei ser eller markere dette på eit ark med ulike bilete. La elevane òg få erfaring med å handtere vegkryssing og grunnleggjande samhandling med andre trafikantar.  
  • Det er viktig å snakke med elevane undervegs om det dei observerer og erfarer. Ser de nokon som nyttar hjelm eller refleks? Ser de nokon som er flinke til å sjå seg til begge sider før dei kryssar vegen?  
  • Som ei konkret oppgåve kan elevane få utdelt kvart sitt kart der dei kan teikne skulevegen sin og markere farlege punkt i løypa. Dette kan vere vegkryss, fotgjengarovergangar, krappe svingar med dårleg sikt, dårleg veg eller liknande. La elevane vise dette fram og drøft i fellesskap. 

3. Praktisk øving på sykkel på skuleområdet

sykling_trygg ferdsel_AdobeStock.jpg

Når elevane har tileigna seg grunnleggande kompetanse i trygg ferdsel til fots, så kan ein ta det neste steget til trygg ferdsel på sykkel.

  • Ein kan starte med å gjennomføre praktisk øving på sykkel på skuleområdet. Dette kan inkludere innføring i sjekk og vedlikehald av sykkelen, samt øvingar i å svinge riktig, stoppe raskt og sykle slalåm mellom kjegler. 
  • Ein konkret aktivitet kan vere å lage ei sykkelløype som elevane må sykle same tal rundar som ein terning visar. Slik kan ein kople øving på trygg ferdsel i trafikken saman med øving på mengde og tal. 

4. Utforsk nærområdet på sykkel 

Etter praktisk øving på skuleområdet kan elevane bevege seg ut i trafikken i nærområdet under leiing av læraren.

  • Ein kan gjerne dele elevane inn i mindre grupper, med ein ansvarleg lærar for kvar gruppe som kan gje rettleiing undervegs. Under sykkelturen kan elevane øve på å sykle av og på fortau, å navigere gjennom kryss, å gå av sykkelen for å krysse vegar, å stoppe raskt (hugs å vurder om nokon er bak) og å gje teikn til medtrafikantar for å signalisere kvar ein skal. 

5. Evaluering og refleksjon 

I etterkant av turane, anten det var til fots eller på sykkel, hugs å samle elevane for å snakke om kva dei opplevde, kva dei meistra godt, kva som kunne vore handtert annleis og kva som kunne gått galt. Bruk gjerne refleksjonsspørsmåla under som inspirasjon. 

Refleksjon med elevane

  • Kva for situasjonar kan vere farlege i trafikken?
  • Kva kan vi gjere for å ferdast trygt når vi går eller syklar i trafikken?
  • Kva for reglar må vi forholda oss til i trafikken?
  • Korleis kan vi vere gode rollemodellar for trygg ferdsel i trafikken?
  • Korleis kan vi hjelpe kvarandre med å vere trygge i trafikken?
  • Korleis kan vaksne gjere trafikken trygg for barn?