Leike og vere saman med andre
Å leike handlar om meir enn å berre kunne delta i leik; det handlar om eleven sin måte å uttrykkje seg på i leiken, og å skape og vidareutvikle ulike leikescenarioer gjennom medverking og samarbeid.

Forankring i læreplanverket
Verdigrunnlaget i overordna del:
- Menneskeverdet
- Skaparglede, engasjement og utforskartrang
Kjerneelement:
- Deltaking og samspel i rørsleaktivitetar
Kompetansemål etter 2. trinn:
- Leike og vere saman med andre i aktivitet i varierte rørslemiljø
Undervisningsaktivitetar
La elevane ta initiativ og medverke i organisering og tilrettelegging av leik i undervisninga. Her er eit forslag til korleis variasjon, medbestemming og kreativitet kan fremje ei leikande haldning – både gjennom kjende leikar og konstruksjonsleik.
1. Stiv heks
Å leike handlar om å utforske det uforutsigbare og tilpasse seg nye situasjonar. Ta utgangspunkt i ei kjend leik, som til dømes "stiv heks", og inviter elevane til å forme leiken saman. Gi respons på idear og påfunn.
La elevane foreslå eigne roller. Kanskje heksa ikkje berre er stiv, men rar og krokete? Kva skjer viss ein blir teken?
Variasjonsmoglegheiter og elevmedverking:
- Marihøne: Ligger og sprellar. For å bli fri, må ein medelev rulle deg over på beina.
- Stein: Kryp tett saman. Ein medelev må hoppe over deg for å fri deg.
2. Alle mine delfinar
Ei leik som minner om "hauk og due", men utan å bli teken. Ein elev er delfinmamma og står på den eine sida, medan dei andre delfinane står på motsatt side.
- Mamma ropar: "Alle mine delfinar, kom og svøm!". Delfinane svarar: "Som kva da?". Mamma seier eit dyr og delfinane krysser bana ved å imitere dyrets rørsle slik dei sjølv ønskjer.
Tips: La elevane bytte på å vere delfinmamma og velje kva dyr (eller anna) som skal imiterast. Dette gir dei eigarskap til aktiviteten og fremjar både kreativitet og medverking. Det treng heller ikkje vere dyr; her er det fritt fram for fantasifulle forslag. Kanskje elevane vil imitere køyretøy, eventyrfigurar eller værfenomen?
3. Innovasjonsløype
Del klassen i grupper og gi kvar gruppe ulikt utstyr, til dømes matter, ringer, kjegler, benkar osb. Marker eit felles "senter" i midten av salen.
- Kvar gruppe lagar ei hinderløype som fører fram til senteret, med moglegheit for å krype, hoppe, balansere, rulle osb.
- Når alle har testa si eiga løype, byter gruppene og prøver kvarandre sine løyper. Sørg for at kvar løype har ein retursti tilbake til start.
Avslutt med frileik i løyper, der elevane kan utforske og leike fritt innanfor rammene.
Tips: La elevane gi kvarandre konstruktive forslag til forbedringar. Samtidig er det viktig å understreke at det er opp til kvar gruppe om dei vil justere sitt oppsett. På den måten ivaretek ein både kreativitet, medverking og respekt for andre sine idear.
Refleksjon med elevane
- Kva gjer ein leik morosam?
- Korleis starta leiken i dag?
- Kven tok initiativ og korleis påverka dette leiken?
- Kva gjorde at leiken stoppa eller endra seg?
- Kvifor trur du/dykk det er viktig å skape noko saman?