Forstå og praktisere reglar
I dette temaet skal eleven få erfaring med å praktisere og forstå reglar som rammer for å vere ein del av eit fellesskap.

Forankring i læreplanverket
Verdigrunnlag i overordna del:
- Kritisk tenking og etisk medvit
- Demokrati og medverknad
Kjerneelement:
- Deltaking og samspel i rørsleaktivitetar
Kompetansemål etter 2. trinn:
- Forstå og praktisere enkle reglar for samspel i ulike rørsleaktivitetar
Temaet tek utgangspunkt i kjerneelementet "Deltaking og samspel i rørsleaktivitetar", og legg vekt på at elevane skal medverke, løyse utfordringar og reflektere over erfaringar som sentrale kjenneteikn i undervisninga.
Undervisningsaktivitetar
Forslag til undervisning nedanfor er valt ut frå aktivitetar som skal gi elevane erfaring med kompetansen å kunne praktisere og forstå reglar.
Korleis du innleiar til undervisinga har betydning for kva eleven er merksam på i aktivitetane. Seier du til dømes; "I dag skal vi ha raudt lys", eller "I dag skal vi øve på å følgje reglar og å vere ærlege". Sørg for at merksemda for undervisinga vert retta mot det elevane skal erfare og lære (reglar) i aktiviteten og ikkje mot aktiviteten i seg sjølv.
I kompetansemålet er omgrepa praktisere og forstå reglar sentrale. Dette er òg utgangspunktet for progresjonen som er føreslått i undervisninga.
Praktisere reglar som er bestemt av læraren
Start gjerne med aktivitetar der elevane får erfaring med å delta i aktivitet og praktisere reglar som er bestemt og gjort kjent av læraren på førehand. Døme på aktivitetar kan vere:

Forstå reglar gjennom å medverke
Ein progresjon mot å utvikle forståing for reglar kan vere å gradvis involvere elevane i å medverke til utvikling av reglane.
- Bli einige om reglar i forkant: Eit første steg for medverknad kan vere å bli einige om reglar i fellesskap i forkant av aktivitetane. Læraren kan invitere til slik medverknad ved til dømes sei; "No skal vi ha aktiviteten ryddeguten. Den handlar om…(lærar forklarer gangen i aktiviteten). Kva reglar synest de vi skal ha?"
- Å skape situasjonar som krev nye reglar: Ein vidare progresjon kan vere å skape situasjonar der elevane sjølv oppdagar behovet for fleire reglar. Dette kan læraren gjere ved å bevisst halde tilbake sentrale reglar i ein aktivitet. Til dømes vil det i aktiviteten stele nøtter truleg raskt oppstå uklare situasjonar, der elevar tek/stel med seg fleire "nøtter" tilbake til sitt eige område på ein gong, dersom læraren ikkje har avklart dette på førehand. Hensikta med ei slik tilnærming er nettopp at læraren legg til rette for at uklare situasjonar oppstår i kontrollerte former, slik at elevane får medverknad til å løyse situasjonen med forslag til nye reglar som regulerer aktiviteten.
Døme på aktivitetar der elvane kan medverke i arbeid med reglar kan vere:
Refleksjon med elevane
Døme på spørsmål som får elevane til å reflektere over situasjonar frå undervisninga kan vere:
- Kvifor treng vi reglar i aktivitetane?
- Kva skjedde då det ikkje var tydelege nok reglar i aktiviteten?
- Korleis løyste vi det som var uklart?
Som lærar kan du òg støtte djupnelæring ved å reflektere over samanhengar mellom erfaring med reglar i undervisninga og andre situasjonar eleven møter i kvardagen med spørsmål som:
- I kva andre samanhengar finst det reglar? Heime? I trafikken?
- Kven bestemmer reglane?
- Kan du vere med å bestemme reglar?
Slike spørsmål kan bidra til at eleven oppleve meining og læring frå erfaringane undervisninga har gitt.