Meistringsfremjande klasseleiing

Denne sett fokus på læraren som klasseleiar og korleis han/ho kan bidra til å fremje meistring i ein kroppsøvingstime ved god bruk av struktur og organisering.

I filmen ser vi Audun Rogstadkjærnet, lærar ved Elverum ungdomsskole, gjennomføre ein kroppsøvingstime for 10. klasse. Filmen er laga for å setje fokus på klasseleiing i kroppsøvingsfaget og viser eit bilde av korleis ein kan løyse nokre av utfordringane ein møter som lærar. Fokusområde i filmen er struktur, organisering, inkludering av alle, motivasjon og relasjonelle tilhøve. Ein rår til å arbeide med dette saman med kollegar. Sjå filmen først og arbeid deretter med refleksjonsoppgåvene. Oppgåvene kan brukast i kombinasjon med filmen og/eller fagteksten.

Oppgåver knytt til filmen

  • Kva rutinar rundt oppstart av timen brukar læraren?
  • Kva grep brukar læraren for å skape aktivitet?
  • Kva kjenneteiknar elevane sin motivasjon?
  • Kva grep gjer læraren for å fremje elevane sin motivasjon?
  • I filmen ser vi at det ikkje vert nytta lagsvestar i aktiviteten. Kva grunngjeving kan læraren ha for å gjere dette?
  • Læraren brukar lite reglar og instruksjon. I kva grad tek læraren vare på balansen mellom å ha kontroll/vere tydeleg og nærleik til elevane i læringsprosessen?
  • I filmen ser vi at det er etablert gode relasjonar mellom lærar og elevar. Kva døme ser vi på dette?
  • Kva oppnår læraren med å ha gode relasjonar til enkeltelevar?
  • Korleis kan læraren fremje relasjonelle tilhøve mellom elevane?

Klasseleiing handlar ikkje berre om den enkelte læraren sin individuelle praksis. Ei felles praktisering av strukturert og relasjonell klasseleiing gjer det føreseieleg og skapar tryggleik for elevane på tvers av klassar og trinn. Reflekter rundt praksis ved eigen skole med sikte på å etablere felles rutinar.

Oppgåver knytt til eigen skule

  • Kva felles rutinar brukar du/de ved skolen dykkar?
  • Kva meiner du/de bør vektleggjast under oppstart, overgangar, organisering og avslutning av timar?
  • Kva motivasjonsfremjande grep vert praktisert i kroppsøving ved din/dykkar skole?
  • Korleis meiner du/de at relasjonar mellom elevar påverkar motivasjon og læringsutbytte?
  • Kva opplever du/de som dei mest sentrale elementa i læraren si klasseleiing?