Tre ulike kartleggingsverktøy

Kartleggingsverktøya kan nyttast av styrar, pedagogiske leiarar og tilsette, til dømes i samband med personalmøter og planleggingsdagar. Diskuter og reflekter gjerne i felleskap eller avdelingsvis. Prøv å finn ut kva de er gode på og kva som kan forbetrast innanfor mat- og måltidsarbeidet.

Det pedagogiske arbeidet: Kva er matlaging og måltid i barnehagen, og korleis det kan bli ein del av det pedagogiske arbeidet med fagområda til rammeplanen i sentrum? 

Det praktiske arbeidet: Kva skjer rundt matlaging og måltida i barnehagen? Er det aktive og deltakande vaksne, god fysisk tilrettelegging av måltid tilpassa alderen og funksjonsnivået til barna, og er rutinar i samsvar med reglar og tilrådingar frå Mattilsynet og Folkehelseinstituttet? 

Mattilbodet i barnehagen: Korleis er kvaliteten på mat- og drikketilbodet i barnehagen? Er tilbodet i tråd med Helsedirektoratets kostråd og tilrådingar frå Nasjonale retningslinjer for mat og måltid i barnehagen?

Etter utfylling av sjekklista blir det oppmoda å arbeide vidare med punkta som de svarte nei eller av og til på.

Forankring

Forskriftene for Barnehagelova og rammeplan for barnehagen seier at barnehagen skal vera ei pedagogisk verksemd med ein helsefremjande og førebyggjande funksjon. Innan fagområdet «Kropp, rørsle, mat og helse» skal personalet leggja til rette for at barna tileignar seg gode vanar og haldningar, kunnskap om sunne helsevanar og utviklar matglede.

Ifølgje Nasjonale retningslinjer for mat og måltid i barnehagen, skal mat- og måltidstilbodet vere i tråd med Helsedirektoratets kostråd. Handlingane og avgjerdene til personalet skal ha barnets beste som grunnleggjande omsyn, jf. Grunnlova §104 og barnevernkonvensjonen art. 3 nr. 1