Barns motoriske utvikling, 1-6 år
Filmen viser utviklinga av dei grunnleggjande motoriske ferdigheitene som å gå, springe, hoppe, kaste, klatre og dei koordinative eigenskapane. Det er naturen som er ramma for filmen og viser kor viktig naturen er for barns motoriske læring og utvikling.
Filmen kan nyttast som eit reiskap for å observere den motoriske utviklinga og kvaliteten av rørslene hos barnet. Barnehagar og helsestasjon kan nytte filmen som ein informasjonsfilm til foreldre.
Forankring til rammeplan for barnehager
Barna sine motoriske ferdigheiter, kroppsbehersking, koordinasjon og fysiske eigneskapar skal videreutviklast. Personalet skal gje barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehageområdet. Vidare skal dei vere aktive og tilstadeverande, støtte og utfordre barna til variert kroppsleg leik og anerkjenne barnet si mestring. Personalet skal også ivareta barna sin rett til medvirkning ved å legge til rette for og oppmuntre til at barna kan få gitt uttrykk for sitt syn på barnehagen si daglege verksemd.
Refleksjon i egen praksis
- Korleis legg vi til rette for at barna sine motoriske ferdigheiter, kroppsbehersking, koordinasjon og fysiske egenskapar vidareutviklast?
- Kva rolle har vi vaksne i barnehagen sin rørslepraksis?
- Korleis observerar vi barna si motoriske utvikling?