Lanseringswebinar: Aktiv i barnehagen

Velkommen til lanseringswebinar for aktivibarnehagen.no -din digitale verktøykasse for arbeid med fysisk aktivitet i barnehagen! Utforsk aktivitetar, faglege ressursar og få tips til korleis ein kan kople fysisk aktivitet og fagområda i nasjonal rammeplan.

Under webinaret vert det faglegeinnlegg og deling av praktiske erfaringar, i tillegg er eitpanel tilgjengeleg for spørsmål eller kommentarar.

Webinar
30. September
9:15 - 10.30

Program

Påmelding

Aktiv i barnehagen

Variert fysisk aktivitet fremjer barn si heilskaplege utvikling, helse og trivsel. Den 30. september vert aktivibarnehagen.no lansert – ein gratis og digital verktøykasse for arbeid med fysisk aktivitet i barnehagen!

Verktøykassen ynskjer å vere ei inspirasjonskjelde til arbeid med fysisk aktivitet i barnehagen. I verktøykassen finn du:

Over 150 ulike leikar og aktivitetar
Temasider
Faglege ressursar
Konkrete tips til barnehagekvardagen

Nye råd for fysisk aktivitet for barnehagebarn

I mai 2022 kom det nye og oppdaterte nasjonale råd om fysisk aktivitet for barnehagebarn. Rådet for 1–5 åringar er no å vere i allsidig fysisk aktivitet med varierte rørsler, aktivitet og leik i minst 180 minutt fordelt utover dagen. For barn i alderen 3–5 år bør minst 60 minutt av aktiviteten vere i moderat til høg intensitet der barna blir varme, andpustne og slitne.

Barnehagen er ein viktig arena

Barn i barnehagealder tilbringer mykje av si tid i barnehagen, noko som gjer barnehagen til ein viktig arena for å gje barna moglegheiten til å være tilstrekkeleg fysisk aktive gjennom leik og utfalding. I rammeplan for barnehagen står det at barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og fremje rørsleglede og motorisk utvikling. Personalet skal gje barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik, ute og inne, i og utanfor barnehageområdet.

Open nettressurs for alle barnehagar

Mange barnehagar arbeider godt med fysisk aktivitet allereie, men studiar av barn sitt aktivitetsnivå viser at mange ikkje når dei nasjonale råda. For å bidra med inspirasjon og ressursar til arbeid med fysisk aktivitet i barnehagen, har Høgskulen på Vestlandet utvikla ein gratis og digital verktøykasse, Aktiv i barnehagen (aktivibarnehagen.no). I denne verktøykassen finn ein forslag til varierte aktivitetar som stimulerer motorisk og kognitiv utvikling, aktivitetar som har høg og moderat intensitet og aktivitetar som er kopla til ulike fagområde i barnehagen.

Aktivibarnehagen.no

Aktiv i barnehagen er utvikla i samarbeid med barnehagar i Vestland og Oslo. I dette samarbeidet har pedagogar i barnehagane bidratt med aktivitetar til verktøykassen, samt kunnskap om korleis ein slik verktøykasse kan vere nyttig i det pedagogiske arbeidet. Til dømes er dei ulike aktivitetane beskrive på utskriftsvennlege kort, med bilete av aktiviteten til barna på den eine sida og kort forklaring av aktiviteten på den andre sida. Eit anna døme er ein filtreringsfunksjon som gjer det enklare å finne aktivitetar som passar til ulike stadar, aldersgrupper, motoriske ferdigheiter eller fagområde i rammeplanen.

Eit resultat av forskingsprosjektet ACTNOW

Aktiv i barnehagen har utgangspunkt i forskings- og utviklingsprosjektet Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW). I dette prosjektet har barnehagar i Sogn og Fjordane arbeidd med å utvikle kompetanse og praksis knytt til fysisk aktivitet i eigen barnehage for å fremje heilskapleg utvikling, læring og trivsel hjå barna. Som eit verktøy i dette arbeidet har barnehagane brukt Aktiv i barnehagen som inspirasjon og ressurs i kompetanseutviklinga. Erfaringar frå prosjektet er at verktøykassen blir godt mottatt av både personale og barna i barnehagen.

Utviklinga av Aktiv i barnehagen er finansiert av Norges Forskningsråd, Høgskulen på Vestlandet v/Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet og Bydel Grorud, Oslo kommune.