Fiskesprell i barnehagen

Fiskesprell er eit nasjonalt kostholdsprogram, og eit ledd i det førebyggjande folkehelsearbeidet i fylkeskommunane.

fiskesprell 16_9.png

Fiskesprell har som mål at fisk og annan sjømat skal inngå i det daglege mattilbodet i barnehagen, slik at desse matvarene blir ein naturleg del av barn sitt kosthald. Barn si medvirking i førebuing og matlaging er sentralt i Fiskesprell. På nettsida finn ein informasjon om kurs og inspirasjonsmateriell og barnevenlege fiskerettar.

Fiskesprell for barnehagar og SFO

Forankring i rammeplan for barnehagen

Gjennom medvirking i mat- og måltidsaktivitetar skal barna motiverast til å ete sunn mat og få grunnleggjande forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse.

Refleksjon til eigen praksis

  • Har barnehagen ein strategi for å gjere fisk og sjømat til ein naturleg del av barn sitt kosthald?
  • Korleis motiverer vi barna til å smake og ete fisk, sjømat og fiskepålegg?