Egget – heilskapleg læring i barnehagen

Dei nasjonale sentera har på oppdrag frå Udir laga filmar om heilskapleg læring i barnehagen. Heilskapleg læring handlar om å skape samanhengar på tvers av fagområda i rammeplanen.

egget_16_9.png

Gjennom tre filmar kan du sjå korleis eit egg kan stimulere til mange ulike typar opplevingar, leik og læring. På sida barnehagefilm.no kan du sjå filmane og finne opplegg og fagstoff dei nasjonale sentera har laga for å støtte barnehagane i dette arbeidet.

Sjå filmane om heilskapleg læring i barnehagen

Forankring i rammeplan

Rammeplanens fagområder skal bidra til å fremje trivsel, allsidig utvikling og helse. Barnehagen skal sjå fagområda i samanheng, og alle fagområda skal vere ein gjennomgåande del av innhaldet i barnehagen.