Webinar: Fagfornyinga i kroppsøving

Ei ny rekke webinar med fokus på kroppsøvingsfaget. Det første webinaret i rekka vart gjennomført 29.januar frå kl. 09.30-11.30, og hadde temaet "Fagfornyinga".

Program

Korleis har fagfornyinga endra kroppsøvingsfaget?

  • Foredrag med Petter Erik Leirhaug, førsteamanuensis ved Norges Idrettshøgskole.

Diskusjon i digitale grupperom

  • Dine tankar om og erfaringar med fagfornyinga.

Inspirasjon til kroppsøvingstimen

  • Tips og idear med kroppsøvingslærer Jakob Gyring.

Fagfornyinga: Kva, kven og korleis?

  • Ein sofaprat mellom stipendiat Ann Kristin Nilsen, kroppsøvingslærer ved Rådalslien skole Jakob Gyring, kroppsøvingslærer ved Bergen Katerdralskole Henrik Hysing-Dahl og rektor Harald Borge ved Christi Krybbe skole. Praten er leia av Martin Kvalø, kroppsøvingslærar ved Amalie Skram Videregående skole.

Spør eksperten!

  • Førsteamanuensis Petter Erik Leirhaug gjev deg svar på dine spørsmål og undringar rundt fagfornyinga.

Fleire webinar

Våren 2021 vil Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet og Idrettscampus Bergen arrangere ei webinarrekke om aktuelle problemstillingar innanfor kroppsøvingsfaget.