Samling for betre læring og djupare forståing for eleven

Onsdag 14.- og torsdag 15. september 2016 var det duka for sentersamling der målet var å utveksle erfaringar og å få fagleg påfyll om djupnelæring og fagovergripande kompetansar.

Stein Runar Ludvigsen innleia samlinga. Foto: Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet var vertskap då alle dei 10 nasjonale sentra i Utdanningsdirektoratet, samt Senter for IKT i utdaninngen, Senter for internasjonalisering av utdanningen, Senter for samisk i opplæringa og Utdanningsdirektoratet, var samla til sentersamling. Over 60 deltakarar var samla i Høgskolen i Bergen sine lokalar på campus Kronstad, for det som vart to fine dagar med fagelg refleksjon, diskusjon og gode samtalar.

Tema for samlinga var Stortingsmelding 28 «Fag-Fordypning-Forståelse» med fokus på djupnelæring og fagovergripande kompetansar. Stortingsmeldinga byggjer på dei to NOU-ane «Elevens læring i fremtidens skole – et kunnskapsgrunnlag» og «Fremtidens skole – fornyelse av fag og kompetanser«. Desse vart utvikla av utvalet som såg på fagfornyinga i skulen, leia av Stein Runar Ludvigsen. Deltakarane på samlinga var så heldige å få høyre Ludvigsen sjølv innleie med å forklare prinsipp og samanhengar for korleis ein kan oppnå djupnelæring og fagovergripende kompetanse hos elevane.

Eli Karin Flagtvedt frå Utdanningsdirektoratet følgde opp med informasjon om prosessar knytt til læreplanfornying.

Rektor Anita Hinna presenterte korleis dei ved Apeltun skole jobbar med uteskule for å fremje læring, medan Ann-Helen Odberg frå Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet gjekk i djupna og diskuterte vilkåra for at uteskule skal verke læringsfremjande.

Arne Johannes Aasen frå Skrivesenteret, Kjersti Wæge frå Matematikksenteret og Unni Fuglestad og Toril Frafjord Hoem frå Lesesenteret presenterte konkrete dømer på djupnelæring i sine fag.

Med den nye stortingsmeldinga på trappa går også dei nasjonale sentra ei spanande tid i møte. Saman har vi eit felles mål, der eleven si læring står i sentrum.  Vi takkar alle våre gode kollegaer ved dei andre sentra for det gode faglege- og sosiale påfyllet under desse to dagane.