Vurdering i kroppsøving

Korleis elevar blir vurdert kan ha mykje å sei for læringa deira, og i kroppsøving. I denne ressursen kan du lese meir om undervegs- og sluttvurdering i faget. Ofte brukte omgrep vert forklart, og ein gir døme på vurdering i heile grunnskolen og vurderingskriteria i vidaregåande opplæring.

Foto: Johner.se

Ressursens oppbygging

Faget sin eigenart
Undervegsvurdering
Sluttvurdering
Døme på vurdering

Omgrep knytt til vurdering
Testing i kroppsøving
Om vurdering i media

Faget sin eigenart

Kroppsøving er eit breitt samansett praktisk fag, der leik, grunnleggjande rørsler, idrett, dans og friluftsliv, og aktivitet og trening i eit helseperspektiv står sentralt. Opplæringa i kroppsøving har som viktig mål å oppøve allsidige kroppslege ferdigheiter og gi grunnlag for ein aktiv livsstil og livslang rørsleglede.

Kompetansen i faget er i hovedsak basert på læring i og gjennom rørsleaktivitetar, og han er ofte nært knytt til den enkelte si kroppskjensle og erfaring. Det er viktig at læringssituasjonane og vurderinga byggjer opp under dette.

Det er fire tema som er grunnleggjande for fysisk aktivitet, og som alle kompetansemåla i læreplanen for kroppsøving kan knytast til:

Fair play og samarbeid

Relasjonelle kompetansar er hellt nødvendig når mange skal være i aktivitet saman. I kompetansemåla er dette uttrykt gjennom omgrepet fair play og ved at eleven skal kunne følgje reglar og prinsipp i samhandling og spel, og  respektere resultata. Å samarbeide og bidra til at andre lærer i faget, vert trydeleggjort gjennom arbeid med faget, og der innsats er ein del av vurderingsgrunnlaget i kroppsøving. Opplæringa skal trene elevane i å samhandle i ulike aktivitetar, og leggje grunnlaget for  inkludering av medelevar i aktivitetar uavhengig av føresetnader. Mot slutten av opplæringa skal eleven kunne bruke eigen kompetanse til å gjere andre gode og til å vurdere korleis eiga utøving av fair play kan påverke andre i aktivitet og spel.

Kroppsleg læring

Kroppsleg læring handlar om læring i – og gjennom rørsle. Kompetansemåla på 1.-7. trinn handlar i stor grad om å lære grunnleggjande rørsleferdigheiter. Dei handlar om å bli kjent med seg sjølv, med eigne og andre sitt kroppslege potensial, og å leggje eit allsidig grunnlag for å ta del i leik, idrett, dans, friluftsliv og andre rørsleaktivitetar. Kompetansen etter 4. og 7. trinn inkluderer å kunne handtere ball og småreiskap, å røre seg til ulike rytmar, å kunne symje og å ha grunnleggjande sykkelferdigheiter. Ferdigheitslæring og funksjonell bruk av ferdigheiter knytt til eit utval av treningsformer, dans, idrett, friluftsliv og andre rørsleaktivitetar trer meir fram mot slutten av opplæringa. Det er lagt vekt på å praktisere aktivitet og treningsmetodar som gir utvikling og framgang for den enkelte eleven.

Sjølvleiinge og gjennomføring

Sjølvleiing og gjennomføring handlar om at eleven viser sjølvstende og kan ta ansvar for å gjennomføre rørsleaktivitetar og eiga trening. Det handlar om at eleven tek del med innsats i læringsarbeidet og utfordrar eigen fysisk kapasitet. Eleven prøver å løyse faglege utfordringar etter beste evne utan å gi opp, og held fram med å øve, og når det ikkje gir resultat i form av prestasjon eller ferdigheitsutvikling.

Kompetanse og forståing

Læring av alle former for rørsleaktivitetar betyr å tileigne seg ei form for praktisk kunnskap. Kompetanse og forståing fokuserer på dei meir kognitive sidene i kroppsøvingsfaget. I tråd med faget sin eigenart vil likevel mykje av kunnskapen komme til uttrykk i – og gjennom aktivitet, til dømes ved at eleven praktiserer reglane i ulike idrettar og følgjer treningsprinsippa i praksis. Sentralt i kompetansen står forståing av samanhengar mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse, og å kunne vurdere aktivitets- og treningsformer som oppfyller eigne mål.

Undervegsvurdering

All vurdering som foregår undervegs i opplæringea er undervegsvurdering. Undervegsvurdering vert og kalla formativ vurdering.

Prinsipp for god undervegsvurdering

Det er særleg fire prinsipp  som er sentrale for å få til ei læringsfremjande undervegsvurdering:

  • Elevane og lærlingane skal forstå kva dei skal lære og kva som er forventa av dei.
  • Elevane og lærlingane skal få tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen.
  • Elevane og lærlingane skal få råd om korleis dei kan forbetre seg.
  • Elevane og lærlingane skal være involvert i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og utvikling.

Ipsativ vurdering

I undervegavurderinga kan det være aktuelt å nytte seg av ipsativ vurdering. Ipsativ vurdering tek utgangspunkt i føresetnadene, muligheitene, og prestasjonane til den som lærer og vurderer desse i lys av måla. Med andre ord rettar ipsativ vurdering seg mot eleven sin framgang. Det er eleven sjølv som er referansen, og kriteria vert utvikla på grunnlag av eleven sin ståstad og læringsmål. I staden for å bli samanlikna med heile gruppa, vert ein samanlikna med eigen progresjon over tid.

For meir utfyllande informasjon les kva Utdanningsdirektoratet seier om undervegsvurdering, sjå og Forskrift til opplæringsloven § 3-11. «Undervegsvurdering»

Sluttvurdering

Sluttvurdering i fag er eit uttrykk for den kompetansen eleven og lærlingen har oppnådd i faget ved avslutninga av opplæringa. Sluttvurdering vert og kalla summativ vurdering. I faget kroppsøving gir ein standpunktkarakter. Les meir om sluttvurdering hjå Utdanningsdirektoratet.

Utdanningsdirektoratet sine døme på vurdering i kroppsøving

Omgrep knytt til vurdering

Fair play

Fair play-omgrepet har fått ein forsterka posisjon gjennom føremålet i læreplanen. Det sosiale aspektet ved fysisk aktivitet gjer kroppsøving til ein viktig arena for å fremje fair play og respekt for kvarandre. Felles reglar er viktig. I tillegg er samhandling og det å gjere kvarandre gode, sentrale element. Omgrepet er gjennomgåande, og har og fått utvida innhald gjennom tilleggsformuleringar i kompetansemåla. Men kva betyr fair play i praksis i kroppsøvingsfaget?

Både idrettsforbundet og fleire særforbund meiner arbeidet med fair play er ein viktig faktor i arbeidet for å fremje sunne verdiar og god folkeskikk innanfor idretten. Dei omtalar fair play som sunt bondevett, og understrekar at fair play får oss straks til å tenkje på korleis vi oppfører oss mot kvarandre, kva for reglar vi etterlever, og korleis vi syner respekt for kvarandre.

Les meir om Fair Play

Innsats

Innsats i faget kroppsøving medfører at eleven prøver å løyse faglege utfordringar etter beste evne utan å gi opp, viser sjølvstende og utfordrar eigen fysisk kapasitet. Det får eleven til å samarbeide med andre og bidrar til at andre lærer i faget. Det skal ha innverknad på karakteren at eleven held fram med å øve og når det ikkje gir resultat i prestasjon eller ferdigheitsutvikling. Det å være i rørsle og bli kjent med seg sjølv gjennom kroppsleg utfalding er ein del av føremålet for faget. Derfor blir arbeidsprosessen et vesentleg trekk ved kompetansen i kroppsøving. Kroppsøving er det einaste faget der innsats kan trekkjast inn i vurderinga.

Eleven sine føresetnader

I kroppsøving er eleven sine individuelle føresetnader innarbeidd i kompetansemåla. Når eleven sine føresetnader er ein del av kompetansemålet, vil dei verta trekt inn i vurderinga. Det finst ikkje retningslinjer for kva elevføresetnader som er relevante. I slike tilfelle må læraren bruke sitt profesjonelle skjønn for å vurdere. Det kan kjennast utfordrande for læraren som skal setje karakter, men Utdanningsdirektoratet har sett opp at alle elevar skal kunne ha muligheit for ein god karakter dersom dei syner høg kompetanse ut frå sin ståstad.

Kompetansemåla er utforma slik at alle elevar skal kunne nå dei, uavhengig av føresetnadene – som i kroppsøving ofte kan være fysiske eigenskapar. Det vert ikkje stilt krav i læreplanen om at elevane skal prestere i høve til bestemte fysiske resultat.

Døme 1 – frå læreplan i kroppsøving 10. trinn

Mål for opplæringa er at

  • eleven skal kunne trene på og bruke ulike ferdigheiter i utvalde lagidrettar, individuelle idrettar og alternative rørsleaktivitetar
  • eleven skal kunne praktisere og forklare grunnleggjande prinsipp for trening

Valt aktivitet er springing: Ved springing vil ein elev som er tidleg utvikla og har lange bein og stor rekkevidde ha store fordelar i høve til ein liten elev. Det vil være heilt unaturleg at desse spring like fort, og det vil være naturleg å trekkje inn dette som ein elevføresetnad. Aktuelle læringsmål bør ikkje avhenge av elevane sine fysiske føresetnader, og oppnådd resultatet/tid bør ikkje være eitt av desse læringsmåla.

Aktuelle læringsmål kan være:

«Eleven kan:

  • varme opp på ein hensiktsmessig måte
  • utfordre seg fysisk og mentalt
  • disponere løpet på ein hensiktsmessig måte
  • reflektere rundt gjennomføringa og resultatet»
Døme 2 – frå læreplan i kroppsøving 10 trinn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne orientere seg ved bruk av kart og kompass i variert terreng og gjere greie for andre måtar å orientere seg på.

Eleven sine fysiske føresetnader har i dei fleste tilfella ikkje noko å seie for kompetansen, og det vil ikkje være naturleg å trekke inn dette i vurderinga.

Aktuelle læringsmål kan være:

«Eleven kan:

  • lese dei viktigaste kartteikna
  • ta ut kompasskurs
  • orientere seg fram til postar i kjent og ukjent terreng
  • forklare to andre muligheiter for å orientere seg»

Lokal læreplan

Ein lokal læreplan bør beskrive ein logisk samanhang mellom formål, kompetansemål, læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing. Lokale læreplanar bør omfatte kjenneteikn på måloppnåing innanfor hovedområda på dei ulike årstrinna. God fagdidaktisk planleggjing legg grunnlaget for vurdering. Faget sitt formål og kompetansemåla bør innarbeidast. Undervisningsmetodane som vert brukt i vurderingsarbeidet, bør og vurderast. Fagdidaktisk planleggjing legg godt grunnlag for vurdering i faget.

Testing i kroppsøving

Det er ikkje grunnlag for å bruke testresultat frå fysiske testar i eit normativt perspektiv. Dette betyr at ein ikkje kan nytte resultat frå fysiske testar som grunnlag for å setje karakter i kroppsøving.

Dersom ein vel å nytte testar bør det være for å lære kva ein test er, kva testen måler, og kva for faktorar som påverkar resultatet. Her kan ein reflektere over eigen framgang og utvikling. Dette kan være ein del av vurderinga i faget.

Meir om tester i kroppsøving

Om vurdering i media

Gunn Engelsrud: Testing i kroppsøving er en gammeldags urettferdig praksis

Forskning.no: Uvitenhet om gymkarakter

Norges Idrettshøgskole: Læringsfremmende vurdering i kroppsøving

Jorunn Spord Borgen og Gunn Engelsrud: Hva skjer i kroppsøvingsfaget?

Øyvind Bjerke: Hvor vil vi med kroppsøvingsfaget?

Ove Østerlie: Fysiske tester, spøkelser i kroppsøvingsskapet