Utvikling av sansar og smaksglede hjå barn

Gjennom smaks- og sanseleik kan du som jobbar i barnehage bidra til at barna brukar og vert kjende med sine eigne sansar – og byggjer sjølvkjensle og kunnskap om seg sjølve. Du kan gjere det mulig for dei å utforske og bli kjende med nye matvarer. Ved å undre og reflektere saman, kan barna øve seg på å setje ord på sine eigne smaks- og sanserfaringar. Under finn du forslag til smaks- og sanseleikar som er forankra i rammeplanen.

Barnehagen som smaksarena

Måltida i barnehagen gir mange muligheiter til å skape undring og refleksjon saman med barna. Gjennom bruk av matvarer eller råvarer som allereie er på bordet (t.d. knekkebrød eller ei skål med druer) kan du skape ei spontan stund for undring og refleksjon utan store førebuingar. Ved å smake på ukjent mat og ved å setje ord på opplevinga, kan smaksrepertoaret og språket til barna utviklast og verta styrka.

Smaks- og sanseleik kan og foregå utanom måltidet. Ved å utforske smakar utanom eit måltid får barna muligheit til å konsentrere seg om den eksakte smaken, utan «forstyrringar» frå andre smakar. Dette kan også gjere det mulig å presentere barna for smakar dei kjem til å møte i neste måltid. Ved å skape smaksstunder utanom måltidet kan barna få fleire møtepunkt med nye uvante smakar, noko som igjen kan bidra til at dei blir tryggare på maten.

Forankring i rammeplan

Barn er utforskande og undrande i sin natur. I barnehagen skal denne utforskartrongen og lysta til å lære verta teken vare på gjennom introduksjon av mellom anna nye situasjonar, tema og materiell. Gjennom arbeid med fagområdet «Kropp, rørsle, mat og helse» skal barna få muligheit til å bruke heile kroppen og alle sansane sine. Kroppen skal være utgangspunkt for å leve, leike, lære og skape.

Du som jobbar i barnehagen skal leggje til rette for måltid og måltidsaktivitetar, som til dømes sanse- og smaksleikane under, som kan bidra til måltidsglede, deltaking, samtalar og samkjensle hjå barna. Ved å la barna ha rett til sin eigen smak gjer du det mulig for dei å bli kjent med eigne behov og at det er greit å setje grenser for kva ein ønskjer å spise eller ikkje spise. Smaks- og sanseleikar gir barna kjennskap til menneskekroppen, og ved å prøve ut nye matvarer kan dei bidra til eit meir variert kosthald hjå barna.

Forslag til sanseleik

Utstyr

Rå (skrelt/uskrelt), kokte, og raspa gulrøter

I begge desse forslaga kan det være fint å være to vaksne. Ein som har ansvar for sjølve gjennomføringa og som reflekterer og undrar seg saman med barna, og ein som noterer ned alle dei ulike beskrivande orda som kjem opp undervegs. På denne måten kan dei lage ein «ord-bank» som etter kvart vil innehalde mange beskrivande ord og utsagn som dei kan bruke i vidare arbeid med sansar og smakar.

Saman med barna

Snakk om dei ulike sansane. Tilpass detaljnivået etter barnas alder.

  • Syn
    • Kvifor har vi synet? Kva ser vi med? Korleis ser ei gulrot ut? Kva skjer når vi bryt henne i to?
  • Kjensle
    • Kva kjenner vi med (hender, fingrar, lepper, tunge, kinn etc.)? Korleis kjennest ei uskrella gulrot ut samanlikna med ei skrella? Korleis kjennest det ut å tyggje ei rå gulrot samanlikna med ei kokt eller raspa?
  • Lukt
    • Kva luktar vi med? Kvifor har vi ei nase? Kan de sniffe som ein hund? Korleis luktar ei rå gulrot? Luktar ho meir eller mindre enn ei kokt eller raspa?
  • Høyrsel
    • Kvifor har vi øyrer? Korleis høyrest det ut når vi tygg ei rå gulrot? Er det skilnad i lyden når vi tygg med åpen og lukka munn? Lagar den kokte like mykje lyd?
  • Smak
    • Korleis smakar ei rå gulrot? Smakar den kokte eller den raspa annarleis? Smakar nokre av variantane meir enn dei andre? Smakar det annarleis om vi held oss for nasen?

Forslag til smaksleik

Utstyr

Brett med små skåler/fat som inneheld råvarer som smakar søtt, surt, salt og bittert.

Forslag til søtt: rosiner, tørka frukt (mango, aprikos etc.), honning (obs, ikkje til barn under 1 år!)

Forslag til surt: sitron, kiwi, sure eple

Forslag til salt: bordsalt, oliven, kapers, saltstenger

Forslag til bittert: rucculasalat, pulverkaffi, mørk sjokolade

Saman med barna

  • Begynn gjerne med det søte først. Dette er noko som appellerer til dei fleste og som kan bidra til at barna blir trygge på aktiviteten før dei går over til dei mer utfordrande og ukjente råvarene.
  • La alle barna få tid til å smake. Be dei gjerne om å lukke augene medan dei smakar. Kanskje dei først kan lukte, deretter prøve å suge, før dei tygg?
  • Still dei spørsmål som «Kvar i munnen kjenner vi smak», «Korleis kjennest det ut på tunga?», «Kva kjenner de nå?», «Var det skilnad på smaken når de sugde og tygde?» og «Hald dykk for nasen og smak – smakar det annarleis nå?». Barna vil nok komme med mange ulike responsar på det dei smakar på, prøv gjerne å følgje opp med spørsmål som «Kvifor synest du det smakte godt/vondt?», «Var det noko spesielt som gjorde at du likte den betre/dårlegare enn dei andre?» etc.

Denne leiken tek for seg fire av dei fem grunnsmakane våre. Den femte grunnsmaken heiter Umami. Dette er ein sammensett smak som kan være vanskeleg å beskrive, spesielt for barn, men nokre omtalar smaken som «kjøtsmak». Han er mellom anna å finne i soyasaus, balsamicoeddik, parmesan og soltørka tomater. Du kan lese meir om den og dei andre grunnsmakene her (mat.no).

Medverknad

Barna kan gjerne takast med i heile prosessen, frå å handle det de treng på butikken, til skrelling/handsaming og opprydding. Kanskje de saman kan lage ein «serie» med smaks- og sanseøkter der de på førehand vert samde om kva for råvarer de skal prøve ut. Dette gir også ein fin muligheit til å gå gradvis frå dei enkle til dei meir komplekse og utfordrande smakane.

La gjerne barna få være med å lage ein smakstallerken til foreldra, som kan stå framme i garderoben ved hentetid. På denne måten kan foreldre få eit innsyn i smakane som barna har møtt, og barna får ei muligheit til å være den som utfordrar dei vaksne til noko nytt og uvant.

Rett til sin eigen smak

Alle barn har rett til sin eigen smak og si eiga oppleving. Det betyr at vi vaksne bør ha den haldninga at barna ikkje treng å spise alt eller spise opp alt. Ein kan oppfordre barna til å prøve, men det er heilt greit om dei ikkje synest det luktar eller smakar godt. Det er og heilt greit å ikkje smake. I staden for å sei «æsj» og «likar ikkje» kan barna øve på å finne andre navn på sanseopplevingane. Med denne haldninga lærer barna å være modige og samstundes å stole på eigne sansar og erfaringar. Det er og ein viktig del av matgleda, å være trygg og nysgjerrig når ein prøver noko nytt. Det er ikkje noko press. Når ein lagar ein trygg arena for å prøve seg fram, er erfaringa at og dei mest skeptiske og forsiktige barna etter kvart torer å smake. For å lære å like noko nytt må ein smake mange gonger, gjerne 15-20 gonger.

Refleksjon til eigen praksis

  • Korleis presenterer vi nye matvarer, rettar, smakar og matopplevingar i barnehagen vår?
  • Korleis kan våre eigne smakspreferansar påvirke arbeidet vårt med mat og barn?
  • På kva måte kan vi hjelpe og støtte barna med å uttrykkje smaks- og sanseopplevingar med eigne ord? Kva for ord og omgrep brukar vi i denne samanhengen?
  • Korleis kan ein utforske kvardagsmaten?
  • Korleis tek ein vare på «retten til sin eigen smak» hjå barna?

Sapere-metoden – å utforske mat med alle sansar

Mat og måltid er spanande arena for å utforske både maten og sine eigne sansar. Sapere-metoden er eit nyttig verktøy og ein pedagogisk haldning til aktivitetar med mat og måltid i barnehagen. Det å stimulere barnas utforskartrong og nyskjerrigheit står sentralt. Ein legg vekt på måltidet som ein pedagogisk og sosial arena for samhandling og læring.

Metoden kjem opphavleg frå Frankrike og kjemikeren Jacques Puisais. Han uttrykte bekymring rundt utviklinga av folk sine smakspreferansar, at smaken vart meir «einsformig». Både vaksne og barn syntest å ha større problem med å spise bitre, syrlege og harde matvarer og i større grad velje søt og mjuk mat. For å motverke dette og hjelpe folk til å utvide smaks- og matopplevingane sine, tok han initiativ til å utvikle eit pedagogisk verktøy for utforsking av mat med alle sansar – Sapere-metoden.

Sapere-metoden har blitt videreutvikla og testa i barnehagar og skolar i Sverige og Finland. Boka Sansenes spiskammer, med praktiske døme og aktivitetar for barnehagen, er omsett til norsk.

 

Filmen viser korleis ein svensk barnehage jobbar systematisk med å utvikle smaksopplevingane og matgleda til barna.

Litteratur om mat og måltid i barnehagen