Smart på mat – digitalt undervisningsmateriell for 5.-7. trinn

Smart på mat skal bidra til at elevar på 5.-7. trinn lærer om mat og helse på ein motiverande og positiv måte.

Smart på mat er Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt undervisingsprogram for mat- og helsefaget i grunnskulen 5.-7. trinn. Smart på mat skal bidra til å lære om mat og helse på ein motiverande og positiv måte. Undervisingsprogrammet er i samsvar med kompetansemål i læreplanen og er utarbeidd i samarbeid med pedagogar og lærarar.

Under kvart tema finn du ein artikkeltekst med fagstoff, ferdige presentasjonar, kviss og oppgåver. Presentasjonane varer i inntil 10 minutt og er laga slik at lærarane kan syne dei til klassen. Dei forskjellige oppgåvene kan gjerast i klasserommet, på datarommet eller på kjøkenet.

Smart på mat kan nyttast av elevane individuelt eller i klasse- og/eller gruppevis. Elevane kan også nytte nettsida utanfor skuletida. Nettsida er gratis for alle og kan lesast både på nynorsk og bokmål.

Gå til Smart på mat