Små grep med barnehagemåltid, for læring og medverknad

Måltida i barnehagen gir muligheiter for oppdaging, utforsking, leik og læring. Her kan du lese praksisforteljingar frå studentar som vart utfordra til å ta tak i muligheitene. Dei gjorde små grep med kvardagsmåltidet, vidareutvikla rettar og hadde fokus på sanse- og smaksopplevingar og barna sin medverknad.

Forankring i rammeplan

  • Barnehagen skal bidra til at barna blir kjent med eigne behov, får kjennskap til menneskekroppen og utviklar eit variert kosthald.
  • Barnehagen skal bidra til at barna får innsikt i opphavet til maten, produksjon av matvarer og vegen frå mat til måltid.
  • Personalet skal leggje til rette for at måltid og matlaging bidrar til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hjå barna.

Praksisforteljingar

Smørbrødverkstad

I denne barnehagen lagar dei ostesmørbrød kvar onsdag, og barna tek alltid del i prosessen. Til vanleg er standard ingrediensar ketchup, norvegia og kokt skinke. I det vidareutvikla måltidet laga vi ostesmørbrød i alle fargar og fasongar. Grønn pesto, salsa, salami, brie, mozarella, parmesan, tomater, ananas, mais, rå løk, grov sennep var nokre av råvarene vi hadde til rådvelde.

Før vi tok til å lage ostesmørbrøda fekk barna smake på dei ulike ingrediensane. For mange av barna var det første gongen dei smaka på nokre av ingrediensane. Nokre barn var skeptiske og ville lukte, ikkje smake. Alderen til barna var frå 3 til 6 år, og det var klart stor variasjon i ordforrådet. Dei eldste barna stod fram som fine forbilde, og kunne ofte snu på heile situasjonen: Dersom dei eldste torde å smake på noko, hende det ofte at dei litt yngre barna ombestemte seg og ville smake likevel.

Det kom fram mange fine diskusjonar ved bordet. Kva er ketchup laga av? Kvifor smakar det annarleis enn tomat? Ein gut foreslo at dei kanskje hadde teke sitron oppi, for det smaka litt surt. Det var mange bastante meiningar, særleg blant dei eldre, og fleire som «elska» ei matvare og «hata» ei anna. Men etter kvart som dei prøvde fleire matvarer, var det og fleire som «eeelska» det dei nå hadde smakt. «Eg skal spørje mamma om vi kan kjøpe sånn grønn, sånn pesto, i dag», var det og ein som sa

 Vil du smake eller spise?

Vi sit ved bordet, og i dag er det varmmat til lunsj. Det skal være brødmat med fiskepinnar. Barna sit klare ved bordet, syng songer og klappar i hendene med iver. Ein startar og dei andre heng seg på songen. Alle tek del, dei ser på kvarandre og smiler og ler. Dei får fiskepinnar, og med majones og sitronsaft til dersom dei vil ha. Nokre vil ha med éin gong, mens andre er meir skeptiske og ser litt på dei som har sitronsaft på. Vi snakkar om korleis smaken er, og dei ser på ansiktsuttrykket til kvarandre. Det var litt surt. Spesielt om dei prøver med berre litt sitronsaft for seg sjølv på fingeren.

Etter kvart vil fleire smake, og det endar med eit fat med sitronsaft midt på bordet der alle som vil dyppar fingeren og smakar. Stadig fleire vil ha sitronsaft både på fiskepinnen, skiva og fatet – dette var spennande! Dei som ikkje ville smake sjølv undra seg over ansiktsuttrykket til dei andre. Kanskje smakar dei ein annan gong. Noko som var interessant generelt i barnegruppa var at dersom den vaksne sa «Vil du spise X?», så ville ikkje barna smake på det som var nytt. Men dersom den vaksne sa «vil du smake X?», så ville dei det. Dei hadde ei klar forståing av at det var skilnad på dei to omgrepa (Barna i dømet er 2 til 3 år).

Pølse og potetstapp med ALT i!

I denne barnehagen var pølse og potetstapp ein stor favoritt. Denne retten er ganske enkel og består vanlegvis av pølse i bitar og ferdig potetstappe. Men næringsinnhaldet er ikkje noko å skryte av. Først sette vi oss ned for å vidareutvikle retten med tanke på sensoriske eigenskapar og næringsinnhald. Vi fann fram til grønnsaker som kunne passe i retten, som gulrotbitar, kokte erter, hakka løk og litt purre. Vi planla for ein aktivitet med barna der dei kunne få undersøke og smake på alle råvarene heilt ferske og så i den ferdige retten.

Barna fekk først prøve grunnsmakane, søtt, surt, salt og bittert. Deretter fekk dei smake på grønnsakene, pølse og potet. I tillegg hadde vi nokre krydder; karri, basilikum, persille og grasløk. Barna fikk lukte, kjenne på, smake og studere råvarene. Deretter let vi dei plassere råvarene innanfor den «grunnsmakskategorien» dei meinte dei høyrte til. Barna hadde ulike meiningar om kva som høyrte til kvar, og vi lot dei grunngje kvifor dei valde som dei gjorde.

Vi lot barna medverke i å bestemme om hva vi skulle ta med i potetstappa. Då ville dei gjerne at vi skulle prøve alt! Dei var spente på korleis favorittretten deira nå ville smake. Resultatet vart ganske vellukka. Det fall i smak hjå dei fleste barna då alt var kutta i små bitar og blanda saman. Dersom dei ikkje likte ein spesiell ting, syntest dei det blei veldig godt når dei smaka det saman. Nokre var glade i gulrot og vart svært nøgde med korleis det smaka i potetstappa. Det at dei hadde fått vore med på heile prosessen trur vi var avgjerande for nokre av barna for å smake. Dei hadde vore med på å bestemme korleis retten skulle setjast saman, og dei visste nøyaktig kva den inneheldt!

Spisevanar er med på å understreke likskapar og skilnader mellom menneske, og ved å dele eit måltid, får vi noko saman. Gode måltid i eit triveleg miljø gir barna ei kjensle av tryggleik og samhald.

Tomatsuppe – frå butikk til suppekjele

Vi starta dagen med å ta med barna på butikken for å handle ingrediensar til tomatsuppe. Då vi kom tilbake tok vi litt av alt vi skulle bruke i suppen oppi ulike skåler, og barna fekk lukte og smake. Olje og mjøl lukta ikkje noko, buljong lukta, kanel, løk og pepper lukta sterkt og tomat lukta ketsjup. Dei hadde delte meiningar om kva som smakte best, men alle var einige om at kvitløken smakte verst. Vanleg løk var det to av barna som syntes smakte best.

Deretter fekk barna hjelpe til med å lage tomatsuppe. Dei fekk smake undervegs og då vi hadde kokt opp suppen. Dei var alle einige om at det smaka betre då ingrediensane var blanda saman og at løken smaka mindre etter vi hadde steikt han. Barna fikk ei positiv oppleving med det å lage “heimelaga tomatsuppe”. Dei hadde aldri vore med på det før, og var engasjerte heile vegen. Det var mange nye inntrykk og dei snakka om dette rundt bordet då vi spiste. Dei opplevde meistring: Dei snakka mykje om at dei hadde vore med å lage maten og til og med hadde smakt på alt.

Eit litt annarleis fruktmåltid

I denne barnehagen var det ikkje varmmat eller noko form for matbudsjett. Alle barna har med matboksar til måltida og felles fruktmåltid. Vi laga derfor eit litt annarleis fruktmåltid: Vi kutta opp all frukta i små bitar og blanda det saman; eple, banan, mango, druer, appelsin og kiwi. Dette er frukter alle barna på avdelinga er vant til. For å gjere det litt spesielt laga vi ein type «saus» av mjelk, eple og banan, med konsistens som milkshake.

Barnas reaksjon på fruktsalaten var overraskande positiv. Nokre spiste med ein gong, medan andre brukte tid på å utforske kva som var oppi skåla. Sausen blei servert etterpå, og alle bortsett frå to, ville ha saus på. Fruktsalat og saus gir ei blanding av konsistensar, og vi såg at barna jobba litt med dette i munnen. Det var eitt barn som sa at han ikkje likte fruktsalaten før han hadde smakt. Eg sat med han og forklarte kva som var oppi. Han smakte litt etter litt og til slutt var alt spist opp.

Vi hadde rekna med at fleire barn kom til å være kritiske til å smake på det annarleise fruktmåltidet, men der tok vi feil. Vi sjølve hadde ei positiv haldning og innstilling, og dette smitta over på barna. Aktiviteten og retten krevde korkje mykje tid, utstyr eller kokkekunnskapar! (I denne barnegruppa var det 2- og 3-åringar.)

Havregraut med eplebitar og kanel

Eg tok utgangspunkt i havregraut da det er noko barnehagen har til lunsj av og til. Havregraut kan ha lite smak og fort bli litt «kjedeleg». Ved å tilsetje eple gir det ein frisk smak på grauten. Eg mosa derfor eit eple med stavmiksar og kokte inn i grauten. Ved sida av serverte eg eple i småbitar som barna kunne ha på grauten. Då endrar konsistensen seg og: Harde bitar/»klumpar» i mjuk graut. Kanel passar saman med eple og har ein smak og lukt som er lett å kjenne att. Kanel var også «dagens lukt».

Barna syntest det var gøy å få graut til lunsj og at dei kunne ha eplebitar på grauten. Ved sida av hadde vi kanel, sukker og rosiner. Alle spiste graut med eplebitane, noko som overraska meg litt. Eg trudde nokon kunne være skeptiske til den blanda konsistensen.

I tillegg hadde vi ei samlingsstund om grunnsmakane, med barn frå eitt til tre år. Først byrja vi å snakke litt om kva vi smakar med og korleis vi smakar. Dei utvalde råvarene for å teste grunnsmakane var sitron, sukker, salt, kaffi (bittert) og utblanda buljong (umami/kjøtsmak). Barna syntest det var veldig spennande å få smake på ulike ting, og alle smaka på nesten alt. Eg peika på at dei sjølve fekk velje, og det er heilt greit å ikkje smake. Dei kunne i staden prøve å lukte.

Det verka som barna hadde stor glede av å gjere desse erfaringane i fellesskap, og dei prøvde å setje ord på sanseopplevingane. Til dømes, då dei smaka på buljongen sa ei jente «det smakar nesten sånn som saus». Det var veldig interessant og gøy å gjennomføre dette med barna.

Egg i alle fasongar

Egg var noko som fantest i denne barnehagen og som dei enkelte gonger laga røre av. Her fekk eg ideen til å lage egg på ulike måtar; posjerte, blautkokte og hardkokte egg, omelett og eggerøre. Ved sida av serverte vi brødskiver, ferske og tørrsteikte/toasta. Som krydder hadde vi oregano, salt og pepper. Dagens lukt var oregano, som dei og smaka på: «Smakar korn», «smakar tørt» og «æsj» var det dei sa.

Posjert egg var ikkje nokon favoritt. Barna fekk prøve å ta på egget og kjenne konsistensen. Dei brukte omgrep som «mjuk», «grisete», «blaut», «som vatn» og «æsj». Blautkokte egg kom betre ut enn posjerte egg. Det var lettare å lage og barna meistra å skrelle dei. Dei fekk og her lukte, smake og kjenne på egget. Dei smaka på blautkokt egg med og utan krydder (salt, pepper og oregano). Også hardkokt egg fekk barna studere. Det var lett for barna å skilje eggeplomme og kvite. Barna syntest dette var lett å spise og smaken god.

Omeletten kom best ut i test, og dei blei svært overraska over dette. Barna var med på heile prosessen og fekk sjå, smake og kjenne på korleis rått egg (væske) vart omdanna til omelett med fast form. Vi krydra omelett med salt og pepper og til slutt oregano. Eg fekk klar og tydeleg beskjed om at dei ikkje ville ha oregano på. Men eg insisterte på at vi skulle prøve, og derfor laga eg halve utan.

Då omeletten var klar blei eg møtt med skeptiske blikk. Dei smaka seg fram til sida med oregano – og likte den veldig godt! Til slutt endte eg med å krydre litt ekstra oregano på toppen.

Refleksjon til eigen praksis

  • Korleis motiverer vi barna til å smake, utforske og bli nysgjerrige på mat i barnehagen vår?
  • Korleis kan dei vaksne leggje til rette for undring og et utforskande fokus i kvardagsmåltidet?

Aktuelle lenkjer og litteratur

 

Takk til studentar frå barnehagelærarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet, studieåret 2014/2015.