Samtaleverktøy om kosthald og aktivitet

«Gode vaner for god helse – barn, kosthold og fysisk aktivitet» er eit gratis samtaleverktøy som gjer det enklare å snakke med barnefamiliar om kosthald og fysisk aktivitet.

«Gode vaner for god helse – barn, kosthold og fysisk aktivitet» er eit gratis samtaleverktøy som gjer det enklare å snakke med familiar om noko av det mest elementære i alle barn sin kvardag, nemlig mat og fysisk aktivitet.

Samtaleverktøyet er laga med tanke på skolestartundersøkelsen, men kan og brukast i andre samanhang. Tema som ein tek opp er mat, rørsle, leik, døgnrytme og skjermaktivitet. Materiellet er basert på illustrasjonar med lite tekst og kan fungere godt i møte med minoritetsspråklege.

Det følgjer med 15 plansjer og ein rettleiar for helsesøster som er tilpassa barn i alderen 2-9 år. Verktøyet er utvikla av Kreftforeningen i samarbeid med helsesøstre og fysioterapeut. Det er sist oppdatert i 2017.

Gå til «Gode vaner for god helse – barn, kosthold og fysisk aktivitet»