Religion og mat i barnehagen

Mat og måltid er ein god arena for å skape interesse for mangfaldet i samfunnet og forståing for livsverda og levesettet til andre menneske. Eva Lindhardt frå Høgskulen på Vestlandet gir her døme på korleis ein kan utforske mat og religion og knyte det til fleire mål i rammeplanen.

Har min Gud nokre livrettar?

Mat og religion vert fort assosiert med forbod og restriksjonar. Men religiøse og kulturelle mattradisjonar er så mykje meir. Her får du bakgrunnskunnskap om og døme på tilnærming til mat og religion i barnehagekvardagen.

Eva Lindhardt er høgskolelektor og underviser og forskar i tilknyting til RLE i barnehagelærarutdanning og grunnskolelærarutdanning ved HVL. Foredraget vart første gong presentert på eit webinar for barnehagar i januar 2018.

Forankring i Rammeplan for barnehagen

  • Barnehagen skal synleggjere variasjonar i verdiar, religion og livssyn. Det skal være plass for ein åndeleg dimensjon i barnehagen, og som må brukast som utgangspunkt for dialog og respekt for mangfald.
  • Barnehagen skal skape interesse for samfunnets mangfold og forståing for livsverda og levesettet til andre menneske. Gjennom å samtale om og undre seg over eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål skal barn få høve til sjølve å formulere spørsmål, lytte til andre, reflektere og finne svar.

Refleksjonsspørsmål

  • Korleis kan vi forhindre at vi blir for opptekne av kva som er forbode i ein gitt religion?
  • Korleis kan vi skape rom for felles undring om mat og religion?
  • Korleis kan vi synliggjøre ulike mattradisjonar og matkulturar i barnehagen?

Fleire ressurser

Måltidet som pedagogisk arena – inspirasjon og aktiviteter

Åtte nasjonale sentre i utdanninga har saman utvikla eit hefte med forslag til konkrete aktivitetar knytt til mat og måltid. «Måltidet i lys av identitet og kultur» (s. 6) er relevant for temaet mat og religion.