Naturopplevelse

Friluftsliv er eit hovudområde i kroppsøvingsfaget frå 5. trinn til endt vidaregåande. Ei av utfordringane kroppsøvingslærarar oppgir, er å finne tid til friluftslivundervisning innanfor faget sine timeressursar. I det følgjande opplegget, som berre tar ein skoletime, får elevane erfare kva ei naturoppleving er, gjennom bruk av eigen mobiltelefon og nettstaden naturopplevelse.

Foto: Silje Helen Rødland

Forslag til læringsmål

Eleven skal

  • kunne bruke naturen som ein arena for å søkje fred og ro
  • kunne noko om naturen som arena for rekreasjon
  • kunne bruke digitale ferdigheiter i kroppsøving
  • kunne lese tekstar i kroppsøving og kunne hente, tolke og forstå informasjon

Flerfagleg samarbeid

Opplegget eignar seg godt for eit fleirfagleg samarbeid med naturfag.

Utstyr

Mobiltelefon

Noko ein kan bruke som bind for augene, Buff, tørkle e.l.

Tidsbruk

45-90 min, avhengig av avstand til naturområde

Førebuingar

Sett deg inn i ressursen naturopplevelse.one. Finn eit egna område som har minimum 3G dekning, som elevane kan bruke til gjennomføringa. Du kan og med fordel ha ein introduksjon for elevane om naturoppleving og rekreasjon som ein del av friluftslivet.

Gjennomføring

  • Start timen med ein introduksjon til naturoppleving og rekreasjon
  • Vis elevane nettsteden one
  • Organiser elevane slik at dei får tildelt eit område dei kan bruke til gjennomføringa
  • Gå ut til utvalt område og avtal kvar de skal møtast etter at elevane er ferdige
  • La elevane få finne seg sin plass
  • Ha ei samling i etterkant med gjennomgang og refleksjon

Forslag til refleksjonsspørsmål

Ta utgangspunkt i læringsmåla og elevgruppa for å finne problemstillingar å reflektere rundt. Ved å gjennomføre, oppleve og kjenne etter, får eleven ei eiga erfaring som kan brukast som utgangspunkt for refleksjon.

  • Kvifor valgde du nett denne staden til å gjennomføre opplegget?
  • Korleis var det å konsentrere seg om å oppleve naturen ved hjelp av mobilen?
  • Kva for forstyrrande element opplevde du?
  • Korleis opplevde du tida undervegs i opplegget?

Variasjon og tilpassa opplæring

Dersom nokon opplever at det er utrygt å gjere dette aleine, kan du vurdere om elevane skal få gjere det i par. Opplever du at opplegget fungerer for din klasse kan du vurdere å gjennomføre det til ulike årstider og sjå om elevane utviklar kompetansen sin i høve til naturoppleving.

Grunnleggjande ferdigheter

I dette opplegget nyttar vi fleire av dei grunnleggjande ferdigheitene for å auke kompetansen i faget. Under følgjer nokre forslag som og kan sjåast på som ein lekk i variasjon eller progresjon.

Digitale ferdigheiter
  • Bruk av mobil til sjølve gjennomføringa
  • Kan vurdere om de skal skrive ein logg eller eit refleksjonsnotat i etterkant av sjølve gjennomføringa
Lesing
  • Forståing og bruk av fagomgrep knytt til natur og oppleving
  • Lese, tolke og følgje instruksjonar undervegs
Skriving
  • Dersom du velger å la de levere en tekst i etterkant
Muntlige ferdigheter
  • Delta i refleksjon og diskusjon etter gjennomføringa

Undervegsvurdering

Undervegsvurdering i fag skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar kompetansen sin i fag. Sjåforskrift til opplæringsloven kapittel §3-11.

Føresetnader for auka kompetanse vert styrkt dersom elevane;

  • Forstår kva dei skal lære og kva som er forventa av dei
  • Får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller presentasjonen
  • Får råd om korleis dei kan forbetre seg
  • Er involvert i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og utvikling

Sjå nærare på fire prinsipper for god underveisvurdering her

Ein bør sjå vurderinga i samanhang med formålet med faget og innhaldet i hovedområdet friluftsliv.

For vidare fordjupning om friluftsliv i kroppsøving