Måltidet som pedagogisk arena – inspirasjon og aktiviteter

I den nye rammeplanen for barnehagar har mat og måltid
fått ein tydelegare plass. For å inspirere barnehagar i måltidsarbeidet har vi, saman med andre nasjonale sentre, utvikla eit hefte som viser korleis ulike fagområder kan integrerast i måltidet.

Heftet lastar du ned på ein av dei følgjande lenkene

«Måltidet som pedagogisk arena» (Høg oppløysing 10 MB)
«Måltidet som pedagogisk arena» (Låg oppløysing 2 MB) 

Om «Måltidet som pedagogisk arena»

Heftet er meint å vere ein inspirasjon for deg som arbeider i barnehagen. Vi håpar at når du les det vil reflektere over og teste ut korleis ulike delar av rammeplanen kan integrerast i måltida i barnehagen. Vi ynskjer at du fortsett å utforske moglegheitane som ligg i måltidet, og at du vil invitere borna til ulike aktiviteter der dei kan utforske, undre seg, reflektere og stille spørsmål.

Heftet er utvikla av åtte nasjonale senter, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Kvart av sentera har laga ein aktivitet frå deira fagområde som viser ulike måtar å nytte måltidet som ein pedagogisk arena i barnehagen.