Måltider og blodsukker

Store svingingar i blodsukker kan gi dårleg konsentrasjon, uro, kjensle av slappheit og svolt. For å yte best mogleg i løpet av ein dag, både når det gjeld konsentrasjon og fysisk aktivitet, vil ein tilrå å ete regelmessig og variert for å halde jevnt blodsukker. I dette forsøket skal elevane måle sitt eige blodsukker, og sjå korleis blodsukkernivået endrar seg etter ulike typar måltid. Gjennom praktiske øvingar får elevane personlege erfaringar som grunnlag for fagleg diskusjon og refleksjon rundt samanhangen mellom kosthald og helse.

Elev måler blodsukkerverdi

Forslag til læringsmål

Eleven skal

  • kunne bruke digitale verktøy for å planleggje og vurdere næringsinnhaldet i eit måltid
  • kunne reflektere og delta i diskusjon rundt samanhangen mellom måltidssammensetting og påverknad på blodsukkeret
  • kunne bruke digitale verktøy for å presentere samanhang mellom tid og blodsukkernivå

Flerfagleg samarbeid

Opplegget eignar seg godt for eit fleirfagleg samarbeid med mat og helse og naturfag.

Ved å sjå undervisningsopplegget i samanhang med opplegget «Fysisk aktivitet og intensitet» kan ein sjå dei to hovudområda i valfaget i samanhang og oppnå djupare forståing, noko som er i tråd med formålet med faget.

Utstyr

Ulike måltid

Tidsmålar

Blodsukkermålarar

Handvask eller handsprit

Tørkepapir

Plaster

Avfallsposar

Tidsbruk

Førebuing 90 minutter. Kan gjerast ei veke på førehand.

Gjennomføring 90-120 minutt.

Førebuingar

Det må planleggjast minst to måltid som skal samanliknast. Elevane kan gjerne ta del i planleggjinga ved å bruke Kosthaldsplanleggjaren. Måltida bør ha tilsvarande mengde energi og karbohydrat, men der typen karbohydrat (tilsett sukker og kostfiber) er ulik.

Her er eit døme på slike måltid:

Til venstre: Havregryn (40 g) med jordbær (80 g) og lett mjølk med vitamin D (150 g):

238 kcal, 43 g karbohydrat, sv det 5.9 g kostfiber og 0 g tilsett sukker.

Til høgre: Cornflakes (40 g) med sukker (1 ss, ca 8 g) og lett mjølk med vitamin D (150 g):

240 kcal, 50 g karbohydrat, av det 1.4 g kostfiber og 8 g tilsett sukker.

Det er viktig at måltida ikkje er for store, slik at blodsukkeret når ein topp og er på veg ned att før undervisningstida er over. Eit passe måltid kan innehalde totalt ca 45-50 g karbohydrat.

Det blir lettast å se samanhangen mellom blodsukker og måltidet dersom den første blodprøven representerer fastande blodsukker, dvs at det er 8-12 timar sidan siste måltid. Det passar derfor bra å gjennomføre dette i første skoletime, slik at elevane møter utan å ha ete frokost heime. Eit alternativ er at elevane ikkje et lunsj i løpet av dagen, og at forsøket då vert gjennomført mot slutten av skoledagen. Då er det viktig å være merksam på at nokre elevar i ungdomsskolen normalt ikkje plar ete frokost, og poengtere kor viktig det er å ete frokost denne dagen.

Gjennomføring

  • Stoppeklokka vert starta ved første blodprøve, t=0 min. Skriv ned tidspunktet og talet for blodsukkernivået. . Her er tekst og bilder som viser hvordan blodprøven tas.
  • I løpet av dei første 15 min etter at stoppeklokka er starta må ein ete heile måltidet.
  • Dei påfølgjande blodprøvene måler ein ved:15 min – 30 min – 45 min – 60 min – 90 min (og eventuelt 120 min)

    Det må ikkje etast eller drikkast noko anna enn det planlagte måltidet medan forsøket går føre seg.

    Innimellom blodprøvene kan elevane gjerne jobbe med fagstoff knytt til temaet. Då kan dei samstundes kjenne etter og notere korleis dei føler seg når det gjeld konsentrasjon og kjensle av svolt.

    Elevane kan presentere blodsukkermålingane grafisk med tid (minutt)  langs X-aksen, og blodsukkermålinga langs Y-aksen.

Forslag til refleksjonsspørsmål

Ta utgangspunkt i læringsmåla og elevgruppa for å finne problemstillingar å reflektere rundt. Ved å gjennomføre, oppleve og kjenne etter får eleven ei eiga erfaring som kan brukast som utgangspunkt for refleksjon.

  • Hender det at du ikkje et frokost og eller lunsj? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Merkar du skilnad på konsentrasjon og læring dei dagane du ikkje har ete frokost eller lunsj?
  • Trur du dei to måltida vil utgjere ein skilnad i blodsukkerstigning? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Kunne måltidet du åt i dag tilsvare ein vanleg frokost eller lunsj for deg?
  • Korleis har du kjent deg i tidsrommet frå du åt forsøksmåltidet (kjensle av svolt, konsentrasjon, kor opplagt du kjenner deg)?
  • Beskriv blodsukkerkurva, prøv å forklare kva som skjer.
  • Er blodsukkerkurva ulik hjå dei som åt ulike måltid?
  • Var det nokon som ikkje åt noko? Korleis er deira blodsukkerkurve?
  • Kva for andre faktorar kan påverke blodsukkeret, stemmer dette med det som de observerer?

Filmene «Skolemateksperimentet» kan være gode utgangspunkt for refleksjon. Episode 2 er særlig relevant for diskusjonen rundt små måltid med høgt sukkerinnhald.

Variasjon og tilpasset opplæring

Elevene kan selv ta del i planleggingen av måltidene ved åElevane kan sjølve ta del i planleggjinga av måltida ved å bruke Kostholdsplanleggeren. Her er det mogleg å tilpasse undervisninga til digital kompetanse og fagkunnskap.

Det er for nokon knytt spenning til sjølve blodprøven. På heimesida til måleapparata finn ein gjerne videoar som demonstrerer blodprøvetakinga. Ein slik demonstrasjonsvideo kan visast for å førebu elevane på det som skal skje.

Dersom ikkje alle elevane av ulike grunnar ønskjer å ta blodprøve, bør det aksepterast. Ei løysing er at elevane vert delt inn i grupper der ein eller to i gruppa tek blodprøve. Alle elevane i gruppa kan likevel ete og registrere korleis dei føler seg i skjemaet.

Det kan være ei god erfaring at ein gjennomfører opplegget to gonger, og at alle får oppleve korleis begge måltida verkar inn på dei sjølve.

Ein kan og tenkje annarleis i samansettinga av måltidet. Godteri som inneheld sukker men ellers få andre næringsstoff, eller ingen måltid i det heile tatt, kan være ein variant som demonstrerer effekten på konsentrasjon endå tydelegare.

Eit blodsukkermål er ei helseopplysning. Det vert derfor oppfordra til å ta etiske omsyn ved gjennomføring av opplegget. Ha gjerne fokus på relative verdiar (stigning og senkning) og sjå gjerne på trender innanfor gruppa framfor å trekkje fram enkeltelevar. Vert det avdekka blodsukkermål som er særskilt låge eller høge, tilrår ein at foreldre og/eller skolehelsetenesta blir informert.

Grunnlegjande ferdigheiter

Til dette forsøket nyttar vi fleire av dei grunnleggjande ferdigheitene for å auke kompetansen i faget. Under følgjer nokre forslag ein og kan sjå på som eit ledd i variasjon eller progresjon.

Digitale ferdigheter

Rekning

  • Forståing og bruk av nemningar for energi og næringsinnhald i matvarer
  • Forståeing av nemning for blodsukkernivå i blodet
  • Systematisering og samanlikning av resultat
  • Grafisk framstilling av resultat

Lesing

  • Forståing og bruk av fagomgrep og nemningar knytt til næringsstoff og blodsukker
  • Lese ulike kjelder; oppskrift, bruksanvisning, digitale kjelder
  • Tolke og reflektere rundt resultat

Skriving

  • Tankekart
  • Skriftleg framstilling av resultat, døme: plakat, digital presentasjon, faktatekst

Muntlege ferdigheiter

  • Delta i refleksjon og diskusjon rundt problemstilling
  • Muntleg framstilling av resultat

Undervegsvurdering

Undervegsvurdering i fag skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar kompetansen sin i fag. Sjå forskrift til opplæringslova kapittel §3-11.

Føresetnader for auka kompetanse vert styrkt dersom elevane:

  • Forstår kva dei skal lære og kva som er forventa av dei
  • Får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller presentasjonen
  • Får råd om korleis dei kan førebu seg
  • Er involvert i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og utvikling

Sjå nærare på fire prinsipp for god underveisvurdering her

Ein bør sjå vurderinga i samanhang med formålet med faget.

For videre fordjuping om kosthald og helse