Livsmestring og dybdelæring; Motiverende samtale som verktøy i kroppsøvingsfaget

I denne ressursen er temaet arbeid med motivasjon gjennom presentasjon av samtaleverktøyet Motivational Interviewing (MI) – eksemplifisert frå kroppsøvingsfaget. Ressursen inneheld ein kort introduksjon til kva MI er og grunngjevinga for den. Det vert lagt vekt på at læraren skal hjelpe eleven til å ha tiltru til eiga meistring, ta vare på hans eller hennar sjølvrespekt og håp, og fremje indre motivasjon for livslang rørsleglede. Meir inngåande kunnskap om MI kan du få gjennom lenkjer til andre faglege ressursar.

Johner Bildbyra AB

«Kroppsøving er eit allmenndannande fag som skal inspirere til ein fysisk aktiv livsstil og livslang rørsleglede. Opplæringa skal gje elevane eit utgangspunkt for livslang rørsleglede og meistring ut frå eigne føresetnader». Dette er utdrag frå føremålet med faget.

I ungdomstida har det vist seg at den fysiske aktiviteten går ned. Det er vist i forsking at nokre ungdomar kan oppleve ulike barrierar for å ta del i kroppsøvingsfaget og i fysisk aktivitet generelt. Mange av barrierane handlar om å vere usikker –  usikker på om ein er akseptert av andre, usikker om ein vågar å vise fram kroppen, usikker om ein meistrar godt nok dei aktivitetane læraren legg opp til. Det er ein del av elevane som ikkje likar faget. Livslang rørsle handlar om den enkelte eleven sitt val.

Kroppsøvingslæraren kan bidra gjennom bruk av motiverande intervju (MI) til at eleven vert motivert til å velje ein sunn livsstil, blant anna å vere i dagleg fysisk aktivitet. MI fremjar eleven sin eigen refleksjon, og vil vere eit godt verktøy for djuplæring. MI kan brukast i grupper, til dømes i ein klassesituasjon både i teoretisk og praktisk undervisning.

Kva er MI?

MI er ei målretta og klientretta, i dette tilfellet ei elevretta, samtaleform som vert brukt når ein ønskjer å utforske og styrke klienten (eleven) sin indre motivasjon for endring. MI botnar i humanistisk psykologi der empati, aksept og det ekte er grunnleggjande. På norsk har MI hatt fleire navn; endringsfokusert rådgjeving, empatisk kommunikasjon, motiverande samtale og motiverande intervju. Det finst mykje internasjonal forsking på samtaleforma, særleg på alkohol og annan rus, innan ulike helseproblem som overvekt og fedme, diabetes, hjarte-karsjukdom og tannhelse. Norske styresmakter legg vekt på å få MI implementert på rusfeltet, i frisklivssentralar og i NAV. Til nå kjenner ein ikkje til at MI vert brukt eller forska på i norske skolar, men det finst forsking og forskingsbasert engelsk litteratur om MI med ungdom og MI brukt i grupper.

Samtaleteknikken i MI går ut på å stadfeste, bruke åpne spørsmål, reflektere attende og summere opp det klienten sjølv seier, og å fremje utsegn som inneheld  ønskjer om eller tiltak for å gjere ei ønskt åtferdsendring. Forsking på MI viser at di meir klienten snakkar om å gjere ei endring, di meir endring gjer han/ho.

Verktøy for å auke motivasjon og fremje deltaking i kroppsøvingsfaget

Handtere motstand hjå ein klient

Dette er ein film på 13 minutt der saksinnhaldet handlar om arbeidsavklaring for ein ungdom, men som demonstrerer korleis ein MI-samtale kan arte seg når psykologen stadfester ungdommen, brukar åpne spørsmål, reflekterer attende, fremjar og oppsummerer det ungdommen sjølv seier om å endre. Filmen demonstrerer som innleiing ein samtale der psykologen kjem med motargument mot ungdommen sin motstand (motstandssnakk) og der samtalen ikkje har ei positiv utvikling. Deretter får vi sett korleis MI-teknikken vert brukt og gir samtalen ei positiv utvikling.

Fleire filmar om motiverande intervju finn du hjå Helsedirektoratet

Praktiske øvingar

Hjå Helsedirektoratet finn du og fleire praktiske øvelser som hjelper deg å lære MI-teknikkane i motiverande intervju. Fleire av øvingane skal gjerast med ein partnar eller i ei gruppe.

MINT

MINT  er nettsidene til den internasjonale organisasjonen for fagfolk som har teke utdanning for å bli undervisarar i MI (TNT). Her kan du lære meir om MI og finne nyheiter om MI i media, det siste innan forsking, konferansar og andre nyhende om MI.