Kostholdsplanleggeren

Kostholdsplanleggeren er eit gratis, nettbasert verktøy der du kan finne og rekne ut næringsinnhaldet i matvarer og måltid. Verktøyet er utvikla for undervisning om kosthald og ernæring.

Kostholdsplanleggeren er ei nettside der du kan rekne ut summen av næringsinnhald i registrerte matvarer og samanlikne med norske tilrådingar for inntak av energi og næringsstoff.

Kosthaldsplanleggeren er meint til bruk i faget mat og helse på ungdomstrinnet, undervisning for helsefag på vidaregåande og ernærings- og helsefag i høgare utdanning, kosthaldsopplæring, ernæringsrettleiing og for alle som ønskjer å vurdere og planleggje eiga kosthald.

Datagrunnlaget i Kostholdsplanleggeren kjem frå:

 

Kostholdsplanleggeren.nokhp

Her ligg nettsida, med norsk og engelsk versjon.

Rettleiingsfilmarveiledningsfilmer-khp

For å sikre at brukarane av Kosthaldsplanleggjaren får eit fullverdig utbytte av nettsida, er det laga åtte rettleiingsfilmar. Filmane eignar seg godt i undervisning og gjer det enkelt å ta i bruk Kosthaldsplanleggjaren.

Kostråda – oppgaver til Kostholdsplanleggeren

Oppgåvene er knytte til kostråda frå Helsedirektoratet og kombinerer praktiske øvingar med matvarer og bruk av Kosthaldsplanleggjaren. Oppgåvene passar for 8.-10. trinn, men kan og brukast i vidaregåande opplæring, i helse- og oppvekstfag og restaurant- og matfag.

Rekning – oppgåver til Kostholdsplanleggerenkhp-matematikk

Matematikksenteret har utvikla oppgåver for 8.-10. trinn der elevane skal vurdere nærings- og energiinnhald i ulike matvarer og samanlikne prisar. Dei brukar og rekning i praktisk arbeid med oppskrifter. Kosthaldsplanleggjaren vil her være eit nyttig verktøy.

Matportalenmatportalen-khp

Her ligg brukarrettleiingar, bakgrunnsinformasjon og spørsmål og svar om Kosthaldsplanleggjaren.