Fysisk aktivitet i barnehagen – idear og erfaringar

Her får du døme på korleis fylke og kommunar jobbar systematisk for å auke dagleg fysisk aktivitet i barnehagen. Du kan og lese om korleis barnehagar tilrettelegg inne- og utemiljø, brukar nærmiljø og utviklar ansette sin kompetanse. Aktivitetskort, idehefter, øktplanar og andre døme frå barnehagane er samla i Verktøykassa, der du får inspirasjon og idear til din barnehage.

IMA127171

Forankring i rammeplan

Refleksjon i eigen praksis

Verktøykasse

Praksisdøme

Forankring i rammeplan

Barnehagen skal være ein arena for dagleg fysisk aktivitet og fremje rørsleglede og motorisk utvikling (s. 6). Personalet skal gi barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevigar og kroppsleg leik, ute og inne, i og utanfor barnehageområdet (s. 18). Barnehagen skal ta vare på barnas rett til medverknad (…) i samsvar med deira alder og mogning(s. 12).

Refleksjon i eigen praksis

Innhaldet og materialet på denne sida kan nyttast i fagleg refleksjon og utviklingsarbeid:

  • Korleis legg vi til rette for at alle barn skal få være fysiske aktive kvar dag?
  • Kva rolle har vi vaksne i barnehagen sin rørslepraksis?
  • Korleis påverkar omgivnaden i vår barnehage aktivitetsnivået i den kroppslege leiken?

Verktøykasse for fysisk aktivitet

  • Øktplan 1-3 år (pdf)

    Eksempel på en plan for fysiske aktiviteter med oppvarming, en hovedaktivitet og avspenning, utviklet av Idrettsbarnehager.

  • Øktplan 3-6 år (pdf)

    Døme på ein plan for fysiske aktivitetar med oppvarming, ein hovedaktivitet og avspenning, utvikla av Idrettsbarnehagar

  • Aktivitetsperm (pdf)

    Samling av rørsleleikar, sangleikar og regelleikar, frå Bamble kommune

  • Aktivitetshefte (pdf)

    Samling av rørsleleikar, sangleikar og regelleikar, frå Bydel Grorud.

  • Årshjul for motorikk og fysisk aktivitet (pdf)

    Døme på fysiske aktivitetar som fremjer ulike motoriske ferdigheiter gjennom eit år, utvikla av Bydel Grorud.

  • Aktivitetar i naturen (pdf)

    Samling av aktivitetar, som til dømes oppdrag frå elgen Edvin, utvikla av Oppvekstprogrammet i Nord-Trøndelag.

  • Aktivitetskort (pdf)

    Døme på aktivitetskort for barn 0-3 år og 3-6 år, utvikla av Bamble kommune.

  • Sykkelskole (pdf)

    Heftet er meint som inspirasjon til barnehagar og inneheld forslag til sykkelleikar, diplom og informasjonsskriv til foreldra. Heftet er utvikla av Bydel Grorud.

  • Aktivitetsbanken til Horten kommune

    Aktivitetar for barn 0-6 år, kategorisert etter alder og fokusområde, som sansar, motorikk og samspel.

  • Aktivitetskassen.no

    Nettside med samling av aktivitetar for barn i ulike aldrar.

  • Idehefte om rørsleglede og matglede

    Her kan du lese om kor viktig det er med fysisk aktivitet og bra mat i barnehagen og med praktiske tips og råd, frå Østfold fylkeskommune.

  • Idebok for beste tiltak (pdf)

    Konkrete helsefremjande tiltak i barnehagar og skolar og som kan gi inspirasjon til utviklingsarbeid, utvikla av Østfold fylkeskommune.

  • Grorudstandard for folkehelsearbeid

    Grorudstandarden inneholder rutinar og skjema for gjennomføring av eigenvurdering av barnehagens arbeid med kosthald og fysisk aktivitet, og oppfølgjingsplan for leiinga i barnehagen.

Praksiseksdøme

Folkehelseprosjekt i bydel Groruds barnehagar

Foto: Bydel Grorud

Bydel Grorud i Oslo kommune hadde i 2013-2014 eit folkehelseprosjekt. Målet var å sikre at kosthaldet og den fysiske aktiviteten til barna var i samsvar med helsestyremaktene sine tilrådingar, som 60 minutt dagleg fysisk aktivitet med moderat til høg intensitet. Ammerudgrenda barnehage var ein av pilotbarnehagane i prosjektet. Dei bygde mellom anna eit aktivitetsrom i ein ubrukt kjellar, tilsette idrettspedagog og nytta nærmiljøet meir aktivt.

Fysisk aktivitet i barnehagar i Horten kommune

hopp

HOPP, helsefremjande oppvekst i Horten kommune, er eit prosjekt som starta i 2013. Ved oppstarten vart barnehagane sitt arbeid med fysisk aktivitet kartlagt. Barnehagane kom og med fleire ønskje for tiltak, som å opprette aktivitetsleiarar i barnehagane, heve kompetansen i personalgruppa og opprette ein idébank. Det vart og oppretta eit lærande nettverk. Skavli barnehage som tek del i HOPP har fokus på at både vaksne og barn skal være aktive og samstundes fremje det sosiale samspelet i barnehagen.

Barnehagenettverk for fysisk aktivitet Bamble kommune

http://www.imagesource.com

I Bamble kommune har ein barnefysioterapeut sett i gang «Fiffen – Friskusane i farta», som er eit nettverk for tilsette i private og kommunale barnehagar. Deltakarane i nettverket hospiterer i kvarandre sine barnehagar, og dei har utvikla aktivitetskort (sjå Verktøykassen over). Falkåsen kunst- og kulturbarnehage brukar ofte drama og musikk når dei organiserer fysiske aktivitetar.

Helsefremjande barnehager i Østfold

Ostfold

Østfold fylkeskommune har vedteke kriteria for kva ein forstår som helsefremjande barnehagar, og utvikla ein rettleiar. Dei legg vekt på ernæring, fysisk aktivitet, trivsel og psykisk helse. Prestenga barnehage er kvalifisert som ein helsefremjande barnehage. Dei jobbar heile tida for eit godt fagleg tilbod i tråd med Reggio Emilias filosofi. Barnehagen ønskjer at det fysiske miljøet skal fremje aktivitet, ved å skape rom som bidreg til kreativitet, leik og læring.

Læringsverkstedets idrettsbarnehager

Haslum5Læringsverkstedets idrettsbarnehager baserer arbeidet sitt på metoden pedagogisk idrett. Formålet med pedagogisk idrett er å skape ein kultur der læring skjer gjen­nom fysiske aktivitetar. Idrettsbarnehagane legg tilrette for fysisk aktivitet inne, ute og i gymsal. Haslum idrettsbarnehage har fokus på rørsleglede og å få alle barna med. Dei brukar omgrepet «pedagogisk bakdør» om det å finne ulike innfallsvinklar og skape nyanseskilnader i deltaking slik at ulike behov kan dekkast i same aktivitet.

Gode vanar starter tidleg i Nord-Trøndelag

«Gode vanar startar tidleg» er ei satsing i barnehagane gjennom Oppvekstprogrammet i Nord-Trøndelag. I satsinga legg ein vekt på å betre kosthaldet i barnehagen, å auke barna sin fysiske aktivitet og betre motorikken hjå barnehagebarna. For å oppnå dette har både dei tilsette og foreldregruppa fått delta på kurs. Vidare har prosjektgruppa delt ut utstyr som kan bidra til å fremje fysisk aktivitet og tillaging av sunn mat. Forbregd-Lein barnehage har teke del i satsinga, og dette har gitt dei tilsette meir kompetanse på kvifor og korleis tilretteleggje for fysisk aktivitet i barnehagen.