Fotspor

Fotspor er eit program der både barn og vaksne kan lage sine eigne opplevingsturar og som kan delast med andre som ein app. Basert på bruk av GPS.

fotspor_kart
Skattejakt i barnehagen, historiske vandringar i byen, ei krim-fortelling i nærmiljøet… det er mange muligheiter med Fotspor.

Fotspor er eit program der både barn og vaksne kan lage sine eigne opplevingsturar og som kan delast med andre som ein app. Basert på bruk av GPS.

Utforsk nærmiljøet med digitale fotspor!

Legg ut på skattejakt med barna, følg ei historisk vandring i byen, eller del dine hemmelege soppstader. Med Fotspor er det berre nysgjerrigheita som set grenser.

Fotspor inneheld ein mobilapp og eit redigeringsverktøy du kan bruke til å lage fire ulike typar digitale vandringar.

Fotspor er utvikla i eit samarbeid mellom Høgskolen i Bergen – Senter for nye medier og Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Her er nokre døme på bruk:

Skattejakt rundt Siljustølen

I området rundt Siljustølen er det eit virvar av turstiar. Då kan det være godt å sjå kor ein er på mobilkartet over området. Som ein blinkande prikk rører ein seg langs dei ulike stiane. På det same kartet kan ein og sjå nokre markørar og innhaldet i ei skattejakt som ein kan gjennomføre i området. Skatten kan være eit eigna “klatretre” eller ein stad å ete matpakka eller ein stad der ein kan samle gruppa i etterkant av “runden”.

Byorientering, kopling mellom kart og tekst

For skolar som ligg i byar og ikkje har landlege omgivnader i nærområdet, kan Byorientering være eit godt alternativ. Dei fleste elevane kjenner godt til området rundt sin eigen skole, om ikkje er ei slik orientering ei fin muligheit til å bli kjent i området. Orientering i nærmiljøet kan og være ein trygg måte til å bli kjent med orientering som aktivitet, då det gjerne er enklare å finne fram og det er lettare å spørje nokre om vegen i motsetnad til ei skogsorienteringsløype.

I gateorientering- og/ eller byorienteringsløyper kan du som lærar t.d. lage oppgåver som går ut på å:

  • Finne fram til rett hus og t.d. ha eit spørsmål til dette huset (Kva farge har inngangsdøra på huset? Kven høyrer til i huset? (svar: Brannvesenet), Kva betyr skiltet som er framfor porten på huset? (svar: parkering forbode).
  • Slik kan ein få svar på om elevane finn fram til rette stader ved å følgje kartet. Dette kan være ei første øving i bruk av kart. Ein måte å utføre dette på kan være stjerneorientering: Dvs. at elevane finn ein post og kjem deretter tilbake til deg som lærar for å avgi svaret, før dei får gå vidare til neste post. På denne måten er det enklare for deg som lærar å rettleie elevane undervegs.
  • Ei gateorientering eller byorientering kan og brukast som læring om nærområdet eller byen ein bur i. Når elevane kjem til rett stad kan det kome opp eit bilde, ein tekst eller ein video som fortel noko om den aktuelle staden.
Grønne lunger i nærmiljøet

Fotspor_gronnelunger

I området rundt Ulsmåg skole i Bergen er det sju parkområde som er tilrettelagt for uteaktivitetar. Dette er aktivitetar for skolen sine elevar og for alle andre som har tilknyting til desse nærområda. Velforeninga for området har valt å lage ein eigen app som viser kvar dei som vitjar området kan finne rasteplassar, leikeområde og små forteljingar om tre-figurane som er sette  opp i dei «grønne lungene». Det same prinsippet kan ein byggje opp i Fotspor.

Fotspor baserer seg på bruk av GPS-lesar som nå finst i dei fleste nettbretta og smarttelefonane. Programmet gjer det mogleg å leggje inn tekstar, bilde eller videoar og knyte det til GPS koordinatane på den aktuelle staden. Når nokre kjem til staden vil innhaldet kome automatisk opp på mobilen.

PS: Sidan GPS-lokalisering baserer seg på satellittinformasjon må alle stadene være utandørs.

Turen lagar du i ein web editor på datamaskinen og resultatet får du opp på mobilen via appen Fotspor.

fotspor_android_2

Appen er tilgjengelig for Android og Apple

Last ned gratis!

Lag dine egne turer for app’en: http://fotspor.mobi/#/