Fiskesprell i barnehagen

Fiskesprell tilbyr gratis kurs og materiell, fiskeleksikon og mange gode oppskrifter for barn.

Fiskesprell er eit nasjonalt kostholdsprogram, og eit ledd i det førebyggjande folkehelsearbeidet i fylkeskommunane. Fiskesprell har som mål at fisk og annan sjømat skal inngå i det daglege mattilbodet i barnehagen, slik at desse matvarene blir ein naturleg del av barn sitt kosthald. Barn si medvirking i førebuing og matlaging er sentralt i Fiskesprell.

På nettsida finn ein informasjon om kurs og inspirasjonsmateriell og barnevenlege fiskerettar.

Meir om Fiskesprell for barnehagar og SFO

Meir om Fiskesprell for elevar på barne- og ungdomsarbeiderfag, vgo

Forankring i rammeplan for barnehagen

Gjennom medvirking i mat- og måltidsaktivitetar skal barna motiverast til å ete sunn mat og få grunnleggjande forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse.

Refleksjon til eigen praksis

Har barnehagen ein strategi for å gjere fisk og sjømat til ein naturleg del av barn sitt kosthald?

Korleis motiverer vi barna til å smake og ete fisk, sjømat og fiskepålegg?