Barns spiseutvikling med fokus på dei yngste

I denne filmen gir spesialpedagog Elna Thurmann-Nielsen ein gjennomgang av barns spiseutvikling, kva som er normalvariasjonen og korleis barn lærer å spise og drikke.

Vi er ikkje født med evnen til å spise mat. Spiseutvikling krev modning, læring og erfaring. Det er og normalt å være kresen. Studier viser at 25-40 % vert sett på som kresne eller «vanskelege i matvegen» av foreldra ved toårs alder. Det er mange faktorar som påverkar barns evne til å spise, og det kan være store individuelle variasjonar. Det er derfor viktig og nyttig for alle tilsette i barnehagen å ha grunnleggjande kunnskap om barns spiseutvikling.

Om foredragshaldaren: Elna er spesialpedagog ved Nasjonalt kompetansesenter for habilitering av barn med spise- og ernæringsvanskar. Foredraget vart presentert på barnehagekonferansen Måltids- og bevegelsesglede 18. oktober 2017.

Forankring i Rammeplan for barnehagen

Barnehagen skal bidra til at barna blir kjent med eigne behov, får kjennskap til menneskekroppen og utviklar gode vanar for hygiene og eit variert kosthald.

Personalet skal leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna.

Refleksjonsspørsmål

  • Matpreferansar er basert på erfaringar. Korleis kan barnehagen planleggje varierte erfaringar når det gjeld smak og konsistens i mattilbodet?
  • Korleis kan ein tilretteleggje for at særleg dei yngste barna opplever meistring og matglede i måltida? (Sjå Matglede-plakaten frå foredraget.)
  • Har barna gode rollemodellar for å støtte spiseutviklinga? Spiser dei vaksne saman med barna?

Aktuell litteratur/ressursar

Måltidet som pedagogisk arena – inspirasjon og aktiviteter

Åtte nasjonale sentre i utdanninga har saman utvikla eit hefte med forslag til konkrete aktivitetar knytt til mat og måltid.

Mat og inkludering

Statped har utvikla læringsressurser om inkludering av barn med særskilte behov.

Spising – ein læringsarena. Fra pupp til pizza!

Ein artikkel og innføring i temaet spiseutvikling av klinisk ernæringsfysiolog Kjersti Birketvedt, ved Nasjonalt kompetansesenter for habilitering av barn med spise- og ernæringsvanskar