Hugs frist for å søkje om tilskot til symjeopplæring i barnehagen

Ordninga med symjeopplæring for barnehagebarn i alderen 4-6 år, har vore svært vellukka og vert også vidareført i 2017.

Foto: Johnèr.se

Det er satt av 35 millioner kroner fordelt på alle fylker. Nytt i år er at både barnehagar, kommunar og frivillige organisasjonar kan søkje på eiga hand. Søknaden treng ikkje lenger gå via kommunen.

Det er fylkesmannen i kvart fylke som forvaltar midlane og det er difor ulike fristar for dei ulike fylka. Lista under syner fristane i dei ulike fylka.

  • Nord-Trøndelag (frist: 28.02.17)
  • Akershus/ Oslo (frist: 01.03.17)
  • Hedmark (frist: 01.03.17)
  • Oppland (frist: 01.03.17)
  • Møre og Romsdal (frist: 01.04.17)
  • Troms (frist: 01.04.17)
  • Telemark (frist: 01.04.17)
  • Sogn og fjordane (frist: 01.05.17)
  • Finnmark*
  • Østfold*
  • Vestfold*
  • Buskerud*
  • Aust- og Vest-Agder*
  • Sør-Trøndelag*
  • Hordaland (fristen er ute)*
  • Rogaland (fristen er ute)*
  • Nordland (fristen er ute)*

Dei ulike embeta finn du hos fylkesmannen

* Ikkje alle fylkesmenna har informasjon om ordningen på sine nettsider. I fjor vart heller ikkje alle midlane delt ut i første runde. Vi oppmodar difor barnehagar og kommunar om kontakte fylkesmannembete i sitt fylke for å undersøkje saken nærare.

Om ordninga

Tilskotet skal gå til å gje barn i alderen 4-6 år i barnehage tilstrekkeleg opplæring slik at barna blir trygge i vatn og får betre grunnlag for å lære å symje.

Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og i basseng. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar relatert til symjeopplæring av barna. Det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod.

Tilskotssatsen i 2017 er kr 1750 per barn og er fastsett av Utdanningsdirektoratet.