Fysisk aktivitet – Læring, trivsel og sundhed i folkeskolen

Dansk Rapport I denne danske rapporten frå Vidensråd for Forebyggelse er den vitskaplege litteraturen om effekten av fysisk aktivitet i skuleregi på læring, trivsel og helse blitt samla.

I rapporten blir barn sin fysiske aktivitet i skulen delt inn i seks kategoriar; 1) aktive pausar/friminutt, 2) fysisk trening, 3) fysisk aktivitet integreret i undervisninga (fysisk aktiv læring), 4) kroppsøvingsfaget, 5) fri leik og 6) aktiv transport til og frå skulen.

Rapporten verte avslutta med ei felles analyse av kva kategoriar av fysisk aktivitet ein med fordel kan prioritere i skulekvardagen.

Målgruppe

Rapporten er skrive for lærarar, skuleleiing og anna personell som arbeider med fysisk aktivitet i den danske skulen, men rapporten vil også kunne lesast av andre som har interesse for emnet.

Utarbeida av

Vidensråd for forebyggelse, med støtte fra Ministeriet for Børn, Undervisning og Ligestilling.

Fagområde

Fysisk aktivitet i skulen.

Rapporten «Fysisk aktivitet – Læring, trisvel og sundhed i folkeskolen» kan du lese her