Bok: Måltider og fysisk aktivitet i barnehagen – barnehagen som arena for folkehelsearbeid

I denne boka har redaktørane samla gode tekster som fokuserer på måltider og fysisk aktivitet i barnehagen, og som kan bidra til refleksjon rundt barnehagen si rolle i folkehelsearbeidet. Dei ulike artiklane i boka seier noko om kva som skal til for å etablere ein sunn livsstil hos barn, med fokus på eit sunt kosthald og tilstrekkelig med fysisk aktivitet. Det dreier seg både om offentlig politikk og om dei tilsette i barnehagane si rolle i folkehelsearbeidet. Både individretta- og miljøretta tiltak for å påverka motivasjonen hos barna til å ete sunt og til å vera fysisk aktive, vert diskutert.

Målgruppe

Boka vil vera av interesse for studentar i barnehagelærarutdanninga, alle som arbeider i barnehagen og alle som samarbeider om pedagogiske aktiviteter i barnehagen.

Utarbeida av

Britt Unni Wilhelmsen og Asle Holthe (red).

Utgitt

Universitetsforlaget, 2013

Fagområde

Mat og måltider, fysisk aktivitet, folkehelse

 

Les meir hos forlaget om Måltider og fysisk aktivitet i barnehagen