Aktivitetskassen – Din verktøyskasse for kroppsøving og fysisk aktivitet

Denne veka kunne vi med glede lansere den nye nettsida Aktivitetskassen som eit verktøy for alle som jobbar med kroppsøving eller fysisk aktivitet blant barn og unge. Senteret håpar Aktivitetskassen vil bli flittig brukt og ein naturleg stad å gå til når ein treng inspirasjon.

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet, har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, fått ansvaret for vidare drift og kvalitetssikring av deira gamle idé- og ressursbank, også kalla aktivitetsbanken. Denne oppgåva inneberer blant anna gjennomgang av det materialet som allereie var i banken og overføring av dette til ei ny nettside. Den nye nettsida har fått namnet Aktivitetskassen og denne har fått ei ny og brukarvenleg utforming.

Aktivitetskassen inneheld aktivitetar og øvingar til nytte både for dagleg fysisk aktivitet i skulen og til kroppsøvingsfaget. Målgruppa er i utgangspunktet tilsette i skulen, men skal også kunna bli nytta av SFO- og barnehagetilsette, foreldre og andre som ynskjer tips til fysisk aktivitet i kvardagen.

Aktivitetane er delt inn etter kategoriar, og kan også finnast ved søk. Fokus for Aktivitetskassen er glede og mestring ved bevegelse, og at alle skal kunne delta.

I arbeidet med den nye versjonen har senteret arbeida tett med Høgskolen i Hedmark. I tillegg til viktige arbeidsmøter om brukarvenlegheit og kvalitetssikring, har fagmiljøet ved HiHm bidrege med nye øvingar, der mange av desse er dømer på fysisk aktiv læring.

Gå til Aktivitetskassen